Nå har alle barneskulane fått kvar si aktivitetskasse

Gjennom «Utetimen» skal elevane kombinere fysisk aktivitet og læring i skulegarden. Fredag vart aktivitetskassa, som åtte barneskular har fått tildelt, prøvd ut.

«Utetimen»: Fredag fekk Vågåmo skule og Skjåk barne- og ungdomsskule kvar si «Utetimen»-kasse av Sparebank 1 Lom og Skjåk. Dermed har dei åtte barneskulane i lokalbanken sitt nedslagsfelt fått kasse.  Foto: Tom Erik Solstad

Lærerikt: «Utetimen» vart prøvd ut fredag.  Foto: Tom Erik Solstad

Variert: Aktivitetskassa inneheld ulike aktivitetar.  Foto: Tom Erik Solstad

Fekk prøve: Norges Skiforbund var til stades på Vågåmo skule for å gå gjennom dei mange aktivitetane.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Fredag morgon fekk både Vågåmo skule og Skjåk barne- og ungdomsskule overlevert kvar si «Utetimen»-kasse på Vågåmo skule. Med det har Sparebank 1 Lom og Skjåk nå gjeve ei aktivitetskasse til kvar av barneskulane i banken sine fem kommunar i Nord-Gudbrandsdalen.

– For oss som lokalbank er det viktig å få lov til å gjeva noko til barneskulane i kommunane våre, og vi tykkjer det er stor stas å få gjeva ei slik aktivitetskasse til elevane, som kan brukast kvar dag gjennom heile skuleåret, seier Kristin Nygård Lonbakken som er marknads- og kommunikasjonsansvarleg i Sparebank 1 Lom og Skjåk.

«Utetimen»-kassa har ein verdi på 15.000 kroner og inneheld ein rekkje aktivitetsutstyr som kan nyttast i alle skulefag. «Utetimen» er eit samarbeid mellom Sparebank 1 og Norges Skiforbund, og fredag var båe til stades på Vågåmo skule for å overlevere kasser til Vågåmo skule og Skjåk barne- og ungdomsskule. Loar skule i Lom har fått aktivitetskasse tidlegare.

Det var stor aktivitet blant lærarar og elevar, da aktivitetane i «Utetimen»-kassa vart prøvd ut på Vågåmo skule fredag. Elevar frå Vågåmo skule, samt lærarar frå Vågåmo skule, Loar skule og Skjåk barne- og ungdomsskule fekk prøve dei mange aktivitetane.

«Utetimen» er eit konsept tilrettelagt for bruk i skule og klubb, med fokus på økonomiforståing, fysisk aktivitet og trafikktryggleik.

– Ein ser ein tendens til at barn og unge blir mindre fysisk aktive. Med «Utetimen»-kassa får ein kombinert fysisk aktivitet og læring. «Utetimen» skal vera eit supplement til gymnastikktimen på skulen, og kan nyttast i skulegarden eller i andre nærmiljø. Lærarane kan også lage eigne oppgåver til elevane, og variere «Utetimen» som dei ynskjer, seier Sindre Rønning i Norges Skiforbund.

Samarbeid: «Utetimen» er eit samarbeidmellom Sparebank 1 og Norges Skiforbund. Det er Sparebank 1 Lom og Skjåk, her representert ved Kristin Nygård Lonbakken som har gjeve aktivitetskassene til skulane i regionen. Ved sidan av står Sindre Rønning i Norges Skiforbund.  Foto: Tom Erik Solstad

Aktivitet: Det var stor aktivitet da aktivitetskassa vart prøvd ut på Vågåmo skule fredag.  Foto: Tom Erik Solstad