Inviterer til «blåljosmøte»

Skjåk Sp er opptekne av at det skal vera trygt å bu i Ottadalen. Snart inviterer partiet til «blåljoskveld».

Tryggleik: Vi må ha ein god beredskap i Ottadalen, meiner Skjåk Sp. Nå inviterer dei til «blåljosmøte».  Foto: Illustrasjonsfoto

New Articles

– Temaet for kvelden er tryggleik og beredskap i Nord-Gudbrandsdalen i framtida. Møtet blir arrangert måndag kveld 20. mai, i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule, fortel Kristen Dagsgard, leiar i Skjåk Sp.

Han fortel at utsikter, moglegheiter og utfordringar blir viktige stikkord. Kva ser ein føre seg framover?

– Representantar frå ambulansen, politiet og brannvesenet får inntil 10 minutt taletid kvar rundt desse stikkorda. Deretter opnar vi for paneldebatt der tilhøyrarane kan få stille spørsmål rundt temaet, fortel Kristen Dagsgard.

Møtet er ope for alle interesserte.

Aud Hove skal vera ordstyrar.