Åtte lag frå heile regionen konkurrerte i Vågå:

Vann årets «Kokkekamp»

Åtte kokkelag frå ungdomsskulane i Nord-Gudbrandsdalen konkurrerte torsdag om å stelle til den beste lammegryta. Lesja ungdomsskule vart vinnar av årets «Kokkekamp» i Vågå.

Vinnarar: Lesja ungdomsskule vann årets «Kokkekamp».  Foto: Tom Erik Solstad

Ottadølar: Skjåk (gul) og Vågå (oransje) i aksjon på kjøkenet.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

«Kokkekamp» er eit samarbeidsprosjekt mellom Gudbrandsdalsmat SA, Opplæringskontoret Brimi-Kjøken og Regionrådet for Gudbrandsdalen, og vart i år arrangert for sjette gong. Det er niandeklassingane i dei seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen som deltek i kokkekonkurransen.

Dei åtte laga i Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja skulle i år konkurrere om å lage den beste lammegryta med lokale grønsaker. I tillegg skulle det lagast ein tilhøyrande dessert av eple og lokale ingrediensar.

Laga hadde to timar på seg til å lage maten, og det var full konsentrasjon på skulekjøkenet både på Vågå ungdomsskule og på Vågåmo skule da Fjuken var innom under konkurransen.

Samarbeid, konsentrasjon og glede var stikkord for å lykkast i «Kokkekamp»-konkurransen.

Det var åtte spente lag i Vågå kulturhus torsdag ettermiddag, da vinnaren skulle kårast.

Juryen i «Kokkekamp» bestod av Hans Marius Sletten Nuvstad, Sindre Kristiansen Ruste og Ann Kristin Bøhle.

Dei har observert og vurdert alle laga gjennom konkurransen. I tillegg til smak og presentasjon - som sjølvsagt var mest avgjerande i konkurransen - er hygiene på kjøkenet noko som har vore vurdert av fagjuryen.

Lesja ungdomsskule stakk av med sigeren i årets «Kokkekamp». Andreplassen gjekk til Heidal skule, og på tredjeplass kom Lesjaskog skule.

I tillegg til sjølve kokkekampen, har det vore elevbedriftsmesse i Vågåhallen torsdag, der over 20 elevbedriftar konkurrerte om å bli best i fire ulike kategoriar.

Målet med «Kokkekamp»-prosjektet er auka kunnskap om lokalprodusert mat, rekruttering til matfaglege utdanningar, medvit rundt lokalt landbruk og reiseliv hjå elevane, omdømmebygging av Nord-Gudbrandsdalen, og for å styrke mat- og helsefaget.

«Kokkekamp»: Åtte lag frå kommunane i Nord-Gudbrandsdalen deltok i årets kokkekonkurranse i Vågå.  Foto: Tom Erik Solstad