Vågå kommune har fått storslegen gåve

Ein privat gjevar gav Vågå kommune ei gåve torsdag.
New Articles

Sommaren 1894 møttes ti norske kunstnarar i Vågå, leia av vår kjende kunstmålar Kristen Holbø frå Vågå. «Vågåsommaren» vart etter dette eit omgrep i norsk kunsthistorie.

Torsdag mottok Vågå kommune ei storslegen gåve frå ein privat gjevar. Gåva består av i alt to måleri av Kristen Holbø frå åra 1894 og 1895, samt ei kolteikning teikna av Halfdan Egelius, som vart gjeve i gåve til Mari Holbø.

– Dette er ei gåve som vil berike innhaldet i det nye galleriet, og vil bli tilgjengeleg for folket, skriv Vågå kommune i ei pressemelding.