Ulykke i Lom - henta av Luftambulansen

Ein personbil køyrde av vegen, aust for Lom sentrum torsdag morgon.

Ulykke i Lom: Ein person er floge til sjukehuset med Luftambulansen etter ei ulykke i Lom torsdag morgon.  

New Articles

Det var like før klokka seks torsdag morgon at ein personbil køyrde av vegen på riksveg 15 i Lom.

Sjåføren er floge til sjukehuset med Luftambulansen. Skadeomfanget er ukjent.

Ulykka skjedde om lag to kilometer aust for Lom sentrum, og vegen vart stengt på staden.

Vegen er nå opna att.