Har du sett denne hengaren?

Ein tilhengar vart stolen i fyrste halvdel av april. Er ennå ikkje funnen.

Stolen: Denne tilhengaren vart stolen i Lom i april.  Foto: Privat

New Articles

Denne tilhengaren vart stolen frå Utgard mellom 1. og 14. april. Som dekoren på han fortel, tilhøyrer hengaren El Service i Lom.

Tilhengaren var plassert ved Utgard i Lom i samband med russerevyen, og einkvan har altså vore frekk nok til å henge han på ein bil å reise.

Politiet i Ottadalen er interessert i alle observasjonar av denne tilhengaren i løpet av den siste månaden.

Tilhengaren har ein verdi på om lag 40.000 kroner.