Viltpåkøyrsler og dårleg vedlikehald toppar bekymringane i trafikken i Hedmark og Oppland

Fare for viltpåkøyrsler og manglande vedlikehald er det som skapar mest bekymring i trafikken blant folk i Hedmark og Oppland. På tredje plass over bekymringar kjem dårleg vintervedlikehald av vegane.

Ilustrasjonsfoto NAF 

New Articles

– Det er eit signal om at ein må få fart i opprustinga av vegnettet og at framkome og tryggleik må vera på plass året rundt, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i medlemsorganisasjonen NAF.

Heile 43 prosent i Hedmark og Oppland er engstelege for å møte vilt på vegane. Trettiseks prosent svarar at dårleg vedlikehald er ei kjelde til bekymring – dette er litt over snittet for landet for øvrig (32 prosent).

- Manglande vedlikehald aukar faren for trafikkulykker. I både Hedmark og Oppland har forfallet på vegane auka frå 2014 til 2018, viser prognosane. Til saman utgjer etterslepet i regionen svimlande 4,4 milliarder kroner, seier Ryste.

Tala er henta frå NAFs Trafikantbarometer, som blir gjennomført anna kvart år og kartlegger folks handlingar og haldningar i trafikken.

- Denne undersøkinga viser at dårleg vedlikehald skapar uro for dei som er avhengige av vegane våre, seier Ryste.

Landsdekkande kampanje for trafikktryggleik

- NAF skal ta eit krafttak for trafikktryggleik og lanserer kampanjen «Med hjertet i halsen». Kvar dag er det mange som sender barna ut på skulevegen med hjertet i halsen, eller må passere farlige vegstrekningar på veg til og frå jobb, seier Camilla Ryste.

På kampanjesida til NAF kan folk sende inn saker og fortelja kvar dei farlege situasjonane oppstår.

- Vi håpar at mange vil sende inn saker til oss, og har friviljuge over heile landet som brenn for trafikktryggleik. Vi kan sjølvsagt ikkje love å løse alle saker i løpet av kampanjeperioden, men vil vurdere alle bidrag som kjem inn, seier ho.