Trassa snøvarsel og plukka søppel

Dei yngste ungane i Bismo barnehage let seg ikkje stoppe av ei dårleg vêrmelding.
New Articles

Det var nettaste gjengen som stakk innom Fjuken fredag føremiddag for å fortelja at dei plukka søppel i ein overkomeleg radius frå barnehagen.

Snøvêret som var meldt let vente på seg, eller uteblir heilt. Kvifor ikkje da ta ei runde å bidra med rydding, tenkte dei vaksne som tok med seg dei seks frå avdeling «Nørdre» ut på søppeltur.

Flott gjort, og eit triveleg og oppmuntrande besøk.