Stavbrekka er radarovervaka

I vinter er snøen på Stavbrekka radarovervaka. Ein ny type radarmålar er etablert. Den overvakar og skal varsle årets glideskred.

Stavbrekka: Fonna i Stavbrekka kan koma i påska.  Foto: Cautus Geo

New Articles

Mange har teke bilturen frå Lom gjennom Breidalen og inn på fylkesveg 63 ved Stavbrekka og ned til Geiranger. Vegen blir halden stengt gjennom vinteren. Årsaken er store snøskred.

Det er alltid usikkert når skredet kjem, men det er heilt sikkert at det kjem. Sidan 2015 har snømassane som heilt garantert dundrar ned på turistvegen og ut i Langvatnet vore radarovervåka som forsking og studier for å sjå om det er mogleg å halde vegen open. Det forutset at skredet må kunne varslast i forkant.

Norske Cautus Geo AS har spesialisert seg på overvaking og varsling av naturfare. Dei har teke fram ulike målesystem for varsling av snøskred. Sidan mars i år er det nyaste radarsystemet teke i bruk av Statens vegvesen.

– Radarovervaking er ein ny måte å handtere skredfare og auke tryggleiken til dei som ferdast på vegane. I Breidalen overvakar vi eit større snøparti med millimeters nøyaktigheit. Kor fort snøflaket beveger seg avgjer kor nær i tid vi er årets store skred på Stavbrekka, seier Lars Krangnes i Cautus Geo.

Radaren Cautus Geo har etablert på Stavbrekka er siste generasjon.

– Den måler med større nøyaktigheit enn radarer vi har hatt tidlegare. Vi snakkar om ein ny generasjon, seier Atle Gerhardsen i Cautus Geo.

Cautus Geo har utvikla et heilt system med overvaking og varsling.

– Data blir mata inn i vårt eigeutvikla websystem. Der analyserast dataa løpande og er heile tida tilgjengeleg. Systemet viser nøyaktig kva som skjer på fjellet. Alle unormale endringar blir varsla automatisk, seier Lars Krangnes. 

– Måleutstyr overvakar og varslar, og er rimelege tiltak for å sikre at skred ikkje skadar trafikanter, seier Krangnes.

Når kjem skredet?

  • 2014: 22. april
  • 2015: 6. mai
  • 2016: 7. mai 
  • 2017: 16. mai
  • 2018: 20. april 
  • 2019: Kan koma i påska. Flaket har byrja å løsne. Skredalarmen går ved ei forflytting på 15 centimeter i timen. Var på 8 cm/timen måndag 5. april. Varmt vêr framskundar utviklinga.