«E handla lokalt» vann pris i Drammen

Fjuken fekk marknadspris under Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte laurdag kveld.

Pris: Fjuken mottok laurdag kveld heiderleg omtale i kategorien «Marknadsprisen 2018», under Landslaget for lokalaviser sitt landsmøte i Drammen. Frå venstre: Hans Erik Kjosbakken, Asta Brimi, Tom Erik Solstad og Helene Starheimsvik.  Foto: Hege Dorholt

New Articles

200 avisfolk er samla til landsmøte på Scandic Ambassadeur i Drammen i helga.

For utan fagleg innhald blir det også delt ut fleire prisar.

Laurdag kveld mottok Fjuken heiderleg omtale i kategorien «Marknadsprisen 2018» for lokalhandelkampanjen «E handla lokalt».

– Det er moro å få anerkjenning for ein kampanje som har slått så godt an lokalt, seier marknadsmedarbeidar Helene Starheimsvik.

Avisa Dølen i Midt-Gudbrandsdalen fekk også to heiderlege omtalar, i kategoriane «Årets lokalavisfoto» og «Årets lokalavis».