Stengjer ein dag i veka

Otta trafikkstasjon reduserer opningstidene frå komande veke.

Stengjer ein dag i veka: Otta trafikkstasjon reduserer opningstidene.  Foto: Google Maps

New Articles

Statens vegvesen sin trafikkstasjon på Otta held stengt på torsdagar frå og med torsdag 7. mars. I fylgje Statens vegvesen er dette permanent.

Trafikkstasjonen på Otta vil da frå og med komande veke ha ope fire dagar i veka, i staden for fem.

Hovudgrunnen til at trafikkstasjonen blir stengd ein dag i veka, er i fylgje Statens vegvesen utviklinga, der digitale sjølvbeteningsløysingar fører til at færre tek turen fysisk til trafikkstasjonen.

Statens vegvesen opplyser at dei reduserte opningstidene ikkje skal gå ut over tenestetilbodet ved trafikkstasjonen, men oppmodar samstundes kundar om å bruke vegvesenet si nettside for å sjekke om ein kan løyse saka der.

Også Statens vegvesen sin trafikkstasjon på Lillehammer stengjer dørene ein dag i veka, og held stengt tysdagar frå og med tysdag 5. mars.