Ulykkesmarkering i Skjåk tysdag

Fyrstkomande tysdag arrangerer Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) ulykkesmarkering i Skjåk til minne om dei som omkom i trafikkulykker i Oppland i 2018.

Markering: Tysdag blir det ulykkesmarkering i Skjåk for å minnast dei som omkom i trafikken i Oppland i 2018.  Foto: Illustrasjon/ Arve Danielsen

New Articles

I tillegg til å minnast dei som omkom i trafikkulykker i fylket i fjor, skal markeringa vera ei støtte for pårørande, trafikkskadde og yrkespersonell som til dagleg arbeider med trafikkulykker.

Det er Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) som arrangerer markeringa, som i år blir gjennomført i samarbeid med Skjåk kommune og Den norske kirke.

Ulykkesmarkeringa blir arrangert i Skjåk fyrstkomande tysdag ettermiddag og kveld.

Markeringa startar med opningsseremoni ved Skjåk barne- og ungdomsskule. Her blir det kulturinnslag og tale ved fylkesordførar Even Aleksander Hagen. Her blir det òg ljostenning og fakkeltog.

Etter dette blir det minneseremoni i Skjåk kyrkje ved biskop Solveig Fiske og sokneprest Kåre Gloslie, der også politimeister Johan Brekke deltek med ei helsingstale.

Etter dette blir det kaffisamvær på Skjåk barne- og ungdomsskule, der vertskapet er Skjåk kommune og ordførar Elias Sperstad. Regionvegsjef Per Morten Lund held tale. Det blir her også kulturinnslag, og utdeling av Trafikktryggleiksprisen 2018.

For å synleggjera kor mange som omkom eller vart skadde i trafikken i Oppland i 2018, vil det bli tent eit ljos for kvar av dei langs vegen tysdag.