Politiet åtvarar mot vanskelege køyreforhold

Det blir meldt om svært vanskelege køyreforhold i Ottadalen og distriktet elles.

Vanskelege køyreforhold: Politiet åtvarar mot vanskelege køyreforhold i distriktet.  Foto: Illustrasjonsfoto/Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Innlandet politidistrikt seier i ei melding at det er kraftig vind og glatt vegbane fleire stader.

– Vi har fått flere meldingar om bilar av vegen og tre over vegen. Politet oppmodar alle til å køyre forsiktig og ta omsyn til vêr og føreforhold, skriv politiet.

Må du ikkje ut å køyre, la vera.

Riksveg 15 over fjellet har vore stengt heile tysdag grunna rasfare.