Barn hamna under bil som trilla

Eit lite barn hamna under ein førarlaus bil som trilla på ei privatadresse i Bismo onsdag ettermiddag.

Ulykke: Eit lite barn hamna under ein bil i Bismo onsdag ettermiddag.  Foto: Illustrasjon

New Articles

Operasjonsleiar Per Solberg i Innlandet politidistrikt fortel klokka 17.45 at politiet er på staden, og at barnet vil bli henta av luftambulansen.

– Både hendingsforløpet og skadeomfanget er så langt ukjent. Men barnet har på ein eller annan måte kome under ein bil, seier operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 17.15.

Ved 18-tida opplyser operasjonsleiar Per Solberg at uhellet i Bismo skjedde da ein førarlaus bil byrja å trille.

– Barnet har da vore uheldig og har kome under bilen. Barnet er nå teke hand om av luftambulansen. På nåverande tidspunkt er det uvisst kva skadar barnet er påført i uhellet, seier Solberg.