Ein til sjukehus, førarkort beslaglagt:

Kollisjon i Sjodalen

To personbilar har kollidert.
New Articles

Politiet melder på at to personbilar har kollidert på fylkesveg 51 i Sjodalen, mellom Randsverk og Hindsæter. Tre personar er involvert, og alle skal vera oppegåande.

Politiet melder at ein person er sendt til sjukehus for sjekk og at eit førarkort er beslaglagt etter kollisjonen.