Den seks veker gamle dottera til Ingrid Blessom og Vegard Hunderi vart døypt i Gjende-vatn, og Vågå-prest Cynthie Renaa brukte det same ritualet som sokneprest Halling gjorde da namnesyster Gjendine vart døypt nær 150 år tidlegare. Rett nok vart dagens Gjendine døypt i osen av vatnet, men ho blir også - og uansett - ein del av historien.

Dåpen vart opningsnummeret på det som seinare skulle koma ved amfiet på Gjendesheim. DNT markerte 150-årsjubileet til organisasjonen med ei flott framsyning. Tone Jorunn Tveito og Endre Skjåk tok publikum med på heile ruta, frå Gjendesheim til Fondsbu - gjennom Gjendine, Jo Gjende, Peer Gynt, tre engelskmenn ved «ein» av dei, Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg.

Det var dessutan høgtidelege talar ved representantar for DNT, Riksantikvaren og Oppland fylkeskommune.

Historie vart skrive, og dagens Gjendine er eit viktig avsnitt.

Det lyt føyast til at det i 2011 også vart døypt ei Gjendine på Gjende, nemleg Maja Gjendine Myrhaug Holm.