Festen er i gang

Countryfestivalen i Skjåk er i gang.
New Articles

Tidleg torsdag kveld kom det stadig folk for å sjekke inn på den populære festivalen på Skjåkøygard i Nordberg i Skjåk.

Fyrste band ut er gruppa Rotlaus som spelar på hovudscena seint torsdag kveld, men festen på campingen er allereie i gang.

Fleire har vore på plass sidan tidleg på dagen, og på taket på traileren til Atle Aaboen var stemninga god. Der sat ein venegjeng og kosa seg, trass i eit halvhustreg vêr. Det er heldigvis meldt likare vêr i helga, og vi trur stemninga stig i takt med temperaturen.