– Det er ikkje meldt regn dei næraste dagane, og når vi nå i tillegg har fått litt vind er faren for brann ekstremt stor, seier sjefen i Lom og Skjåk brannvesen.

Festervoll kan fortelja at dei ved eit par høve den siste tida har vore ute med peikefingeren til folk som har gjort opp varme. Å bruke eingongsgrill eller gjera opp eit bål i utmarka kan føre til ein katastrofebrann, og folk som bryt reglane kan risikere store bøter frå politiet.

– Folk skjønar kvifor det er slik, men vi må likevel understreke alvoret, seier Festervoll.

Brannvesenet har den siste tida delt ut informasjonsplakatar til butikkar og andre, der dei spesielt åtvarar mot eingongsgrillar.

All skyting på skytebanene i Ottadalen er stoppa. Det skal berre ein gnist til før det fatar.

– Vi er førebudd på det verste, men håpar på det beste, seier Festervoll.

Ny bil

Lom og Skjåk brannvesen fekk nyleg ein ny beredskaps-/utrykkingsbil. Bilen er utstyrt med enkelt sløkkeutstyr, røykdykkarutstyr, 1. hjelpsutstyr, aggregat, ymse reiskap for å klyppe bilar og bryte seg inn i hus, varmesøkande kamera, nødnettantenne og mykje meir.

– Utstyret og bilen gjer det mogleg og setja inn ein skikkeleg tidleg-innsats ved brann og ulykke, seier Festervoll.