– Nå ligg Leif Hyrve på sjukehuset på Lillehammer, og heldigvis ser det etter omstenda ut til at det har gått bra med han. Leif har vore utruleg heldig, seier kona Johanne Hyrve, og ser bort på dottera Ona Merete og sonen Frank Roger.

Dei siste dagane har vore tøffe både for Leif, som altså fekk påvist eit større hjerneslag da han endeleg kom til sjukehuset, og dei pårørande.

Att og fram

Det heile starta sundag ved 13.30-tida.

– Vi var heime. Leif kjende plutseleg at det small i hovudet hans, og vart både svimmel og kvalm. Han hadde utruleg vondt og gjekk og la seg i håp om at det skulle bli betre, seier kona Johanne.

Men betre vart det ikkje, og klokka 15.30 vart det ringt etter ambulanse.

– Ambulansen kom raskt på plass, og ambulansepersonellet undersøkte Leif i halvannan time heime, før dei tok han med til legevakta på Otta, seier Johanne.

Kona og ungane til Leif rekna da med at han der vart undersøkt og sendt vidare til sjukehuset på Lillehammer.

– På Otta var han inne hjå ein lege som berre stilte pappa ei rekkje spørsmål, utan at han ein gong undersøkte han. Og nokon Lillehammer-tur var det ikkje ein gong prat om, seier Ona Merete.

Etter at Leif var ferdig på legevakta på Otta sundag kveld, vart han sitjande halvannan time og vente på drosje heim til Skjåk.

– Eg har ikkje ord. At dei sende han heim utan at dei hadde undersøkt han er uforsvarleg. Han var like dårleg da han kom heim som da han reiste, seier sonen Frank Roger, som i ettertid angrar på at han ikkje køyrde etter til Otta.

– Men vi var sikre på at pappa kom til å bli sendt vidare til Lillehammer, seier han.

Da Leif kom heim til Bismo sundag kveld, gjekk han og la seg. Måndag morgon følte han seg like dårleg. Sonen Frank ringde legekontoret i Skjåk og ba om å få ein time til far sin.

– På legekontoret vart pappa undersøkt, og det vart teke nevrologiske testar og anna av han, seier Ona Merete.

– Og, etter å ha undersøkt han, seier legen at han er frisk! og at han sjølv fekk sjå det an nokre dagar, seier kona Johanne og ristar på hovudet.

Vart verre tysdag

Leif Hyrve var liggjande heile måndag, med like mykje smerter. Da han vakna tysdag kjende han seg verre.

– Da ringde eg legekontoret i Bismo, og forlangte at pappa fekk reise til Lillehammer. Den som tok telefonen skulle konferere med ein lege, så skulle vi høyre frå dei att. Men vi måtte mase, for vi høyrde ingenting. Til slutt fekk vi beskjed om at vi kunne kome på legekontoret med pappa for ei vurdering i løpet av dagen eller dagen etter. Da vart vi så fortvila at vi ringde 113, seier Frank Roger.

– Vi visste at ambulansen uansett måtte innom legekontoret i Skjåk, og Leif kravde å få ein annan lege til å sjå på han enn legen han var hjå dagen før, som sa at han var frisk. Legen som undersøkte han var ikkje i tvil om at Leif skulle vidare til sjukehuset på Lillehammer ettersom det hadde med hovudet å gjera, seier Johanne.

Johanne, Ona Merete og Frank Roger ynskjer å rose ambulansepersonellet.

– Dei gjorde ein heilt fantastisk jobb, og fortener skryt, seier dei pårørande.

Dei takkar også legen som vurderte situasjonen slik at Leif skulle sendast til sjukehuset.

Etter CT- og MR-undersøkingane på sjukehuset på Lillehammer vart det konstatert at Leif Hyrve hadde hatt eit stort hjerneslag i lillehjernen, og legane sa at han hadde vore utruleg heldig, sidan det hadde teke så lang tid før han kom til sjukehuset.

– Dei sa også at han var heldig med pårørande, som stod så på for å få han til sjukehuset, seier Johanne.

Sinte og frustrerte

Johanne, Ona Merete og Frank Roger er både sinte og frustrerte attpå behandlinga Leif har fått, og for opplevingane dei hadde både på legekontoret i Skjåk og på legevakta på Otta. Dei pårørande tykkjer det er viktig å gjera historia kjent for andre.

– Vi veit at det ikkje hjelper Leif å fortelje det vi har opplevd, men det kan hjelpe andre som kjem opp i ein liknande situasjon, seier Johanne.

Familien kryssar nå fingrane for at alt går bra med pappa og mann, og at han ikkje vil få nokon varig funksjonssvikt. Sjølv om det nå ventar ein lang periode med opptrening etter hjerneslaget, er han og familien ved godt mot.

– Vi håpar og trur det skal gå bra, seier dei pårørande.

Johanne, Ona Merete og Frank Roger legg ikkje skjul på at det har vore tøffe dagar.

– Det har vore utruleg tøft. Mest tøft for pappa, sjølvsagt. Eg fattar ikkje kva smertar han må ha hatt desse dagane. Og kor mykje krefter han må ha brukt. Han var utruleg glad og letta da han endeleg fekk reise til sjukehuset. Og det var vi pårørande også. Da vart vi utruleg letta, seier Ona Merete.

Familien har bestemt seg for å klage inn saka til Fylkesmannen.

– Vi tykkjer pappa har vore utruleg dårleg behandla, og kjem ikkje til å gjeva oss på dette. Ein kjenner seg utruleg hjelpelaus når ein står oppi ein slik situasjon, seier Ona Merete og Frank Roger.

Ingen kommentar

Kommuneoverege i Skjåk, Sondre Bøye, er gjort kjent med at Fjuken skriv om familien og det dei opplever som dårleg pasientbehandling.

– Eg ynskjer ikkje å gjeva nokon kommentar i denne saka, seier kommuneoverlegen.

Det har ikkje lykkast Fjuken å få kommentarar frå leiande tilsette på LMS Otta eller sjukehuset Innlandet.