Totalforbod mot vatning

Skjåk kommune innførte onsdag kveld totalforbod mot vatning i Bismo.

Ikkje lov: Onsdag kveld vart det innført totalforbod mot vatning for husstandane i Bismo med kommunalt vatn.  Foto: Tom Erik Solstad/ Arkiv

New Articles

Skjåk kommune ber alle husstandar med kommunalt vatn i Bismo om å stoppe vatninga.

Husstandane skal ha vorte varsla om vatningsforbodet som gjeld med umiddelbar verknad.

– Vi greier ikkje å halde nok vatn frå pumpene. Nivået i høgdebassenget som skal fungere som reserve for drikkevatn og brannvatn er nå for lågt, melder Skjåk kommune onsdag kveld.

Vatningsforbodet i Bismo gjeld i fyrste omgang fram til torsdag morgon klokka 08.00.

15. mai innførte Skjåk kommune vatningsrestriksjonar i Bismo fram til 31. august, som inneber at husnummer med partal kan vatne på datoar med partal, og husnummer med oddetal kan vatne på datoar med oddetal.

Men nå er det altså innført totalforbod mot vatning for alle med kommunalt vatn.