Utvida bandtvang for hundar

Vågå kommune har innført utvida bandtvang for hundar under tregrensa for å verne om viltet.

Bandtvang: Vågå kommune har unnført utvida bandtvang for å verne om viltet, spesielt rådyr på grunn av mykje snø.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

New Articles

Kommunestyret i Vågå vedtok den 6. mars ny forskrift om bandtvang i kommunen.

Endringa i forskrifta går på at rådmannen er gjeve fullmakt til å innføre bandtvang under ekstraordinære forhold som gjer det påkravd for å verne viltet.

Men bakgrunn i dette innfører Vågå kommune utvida bandtvang under tregrensa for å verne viltet, spesielt rådyr på grunn av mykje snø i skogsområda.

Vedtaket gjeld frå den 7. mars og fram til rådmannen opphevar vedtaket.

Den ordinære perioden for bandtvang i Vågå er frå og med 1. april til og med 1. oktober.