Avskilta fire bilar med hjelp av kamerasystem

Statens vegvesen sitt kamerasystem avslørte at fire bilar ikkje hadde godkjent EU-kontroll. Dermed vart bilane avskilta.

Kamerasystem: Med hjelp av kamerasystemet for automatisk attkjenning av bilskilt, vart fire bilar avskilta under ein kontroll ved Klones torsdag morgon. - Kameraet er eit godt hjelpemiddel for oss, seier inspektør Jon Olav Ødegård i Statens vegvesen.  Foto: Arve Danielsen

Data: I løpet av brøkdelen av eit sekund får Aksel Stubberud opp data på skjermen om bilen som passerer ANPR-kameraet er EU-godkjent eller forsikringa betalt.  Foto: Arve Danielsen

New Articles

Statens vegvesen har hatt kontroll i Lom og Vågå.

Onsdag kveld var det kontroll i Lom sentrum, der det vart skrive ut fem gebyr for manglende bruk av bilbelte og nokre mangellappar som gjekk på ljos. 220 køyretøy passerte kontrollen her.

Torsdag morgon klokka halv sju stilte kontrollørane frå Statens vegvesen seg opp på riksveg 15 ved Klones i Vågå. I løpet av nokre morgontimar vart det her avskilta fire bilar som ikkje var godkjent i EU-kontroll.

I tillegg vart ein bilførar meldt for å ha køyrt med tilhengar utan å førarkort for dette.

302 bilar på veg austover passerte kontrollen ved Klones, før den vart avslutta klokka 09.45.

Kontrollørane frå Statens vegvesen flytta seg da inn til Vågåmo sentrum, der 30 bilar passerte kontrollen.

Under kontrollen ved Klones og i Vågåmo, vart det brukt såkalla ANPR-kamera.

Dette er eit kamerasystem for automatisk attkjenning av bilskilt. Kameraet les registreringsnummeret på alle som køyrer forbi og i løpet av brøkdelen av eitt sekund får ein opp data frå motorvognregisteret om bilen er godkjent i EU-kontroll eller om forsikringa er i orden.  

- Kameraet er eit godt hjelpemiddel for oss, slik at vi kan stoppe rett køyretøy,  seier inspektør Jon Olav Ødegård i Statens vegvesen.