Åtvarar mot utanlandske knivsliparar

Politiet ber byggjefirma og andre om å vere varsame dersom dei får besøk av personar som tilbyr seg å slipe knivar og sagblad. Dette er svindel og arbeidet så som så.

Ber om tips: Politiet ber om tips dersom nokon får besøk av knivsliparane.   Foto: Arkiv

Sagblad: Kvaliteten på slipinga og herdinga av sagblada var så som så, ifølgje byggjefirmaet som var utsett for svindelforsøket.   Foto: Illustrasjon

New Articles

Tysdag fekk eit byggjefirma i Ottadalen besøk av to personar som prata gebrokkent norsk, og som tok på seg sliping av sagblad og knivar.

Dei to personane fekk med seg ti sagblad for sliping.

Etter at dei forsvann, lukta byggjefirmaet lunta og kontakta politiet som bad om å bli kontakta om dei to kom attende.

Onsdag kom dei to attende med «ferdigslipte» og «herda» sagblad. Eit arbeid dei forlanga 20.000 kroner for.

- Sagblada var ikkje kvasse ein gong, seier ein frå byggjefirmaet.

Han åtvarar andre mot å bite på svindelen. Dei to som truleg var av østeuropeisk opphav, vart sinte da byggjefirmaet ikkje ville betale for arbeidet, og dei forsvann i ein kvit Citroën Berlingo med grønne skilt før politiet kom.

Vedkommande i byggjefirmaet fortel at dei to personane har ringt fleire gonger etter at dei stakk frå staden, og prisen datt fort ned i 4.000 kroner for arbeidet.

Politibetjent Øyvind F. Aaboen ved Ottadalen lensmannskontor, ber folk om å vere merksame på dei omreisande knivsliparane.

Aaboen seier politiet har vore i kontakt med andre byggjefirma om dei har hatt besøk, utan napp.

- Vi vil gjerne ha tips om nokon får besøk av dei omreisande knivsliparane, seier Aaboen.