Platesleppkonsert på Gammel-Kleppe

Det blir nye feleslåttar kledd med barrysaks, bratsj og cittern når Aslak Brimi Kvartett held platesleppkonsert på Gammel-Kleppe torsdag kveld.

Aslak Brimi Kvartett: Svein Tore Werstad, Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde og Espen Wensaas er ute på turné med plata VEV.   Foto: Johannes Selvaag.

New Articles

Den 2. mars lanserte Aslak Brimi Kvartett den nye plata «VEV». Nå er Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde, Svein Tore Werstad og Espen Wensaas ute på turné med plata.

Torsdag 8. mars inviterer Vågå konsertserie til platesleppkonsert på Gammel-Kleppe med Aslak Brimi Kvartett.

I front står felespelar Aslak Brimi frå Lom. Med seg har Bjørn Kåre Odde på bratsj/fele, også han frå Lom, Svein Tore Werstad på saksofon og Espen Wensaas på citern/gitar.

Spelmannsmiljøet i Lom har alltid hatt mange som har laga slåttar sjølv, og Aslak Brimi følgjer opp i denne tradisjonen.

Aslak Brimi er mest kjend for sitt arbeid med tradisjonsmusikk frå Ottadalen, både innsamling, tradering og utøving. Han har grunnlaget sitt frå Lom spelmannslag, og gjekk i lære hjå lokale spelmenn. Aslak Brimi er ein aktiv felespelmann, og har gjeve ut mange album med tradisjonsmusikk både som aktør og produsent. Han fekk utmerkinga Årets Folkemusikar for 2016.

Bjørn Kåre Odde har gått same spelmannskule som Aslak i Lom spelmannslag, og tok vegen enda lenger på Norges musikkhøgskule. Dette har ført til at han er ein av dei råaste og mest spennande musikarane i miljøet.

Espen Wensaas trakterer det som er av klimpreinstrumenter. Svein Tore Werstad og Aslak har spela i lag med i over 10 år. Springleik og barytonsaksofon har vist seg å vere ein bra match.

Plata «VEV» inneheld springleik-triologien «Tre vise menn» som Aslak Brimi har laga til ære for Ola Grøsland, faren Rolv Brimi og Knut Kjøk. Denne, pluss andre slåttar frå plata, blir å høyre under konserten på Gammel-Kleppe.