Skal stille ut vottar og luer av kortreist ull frå Nordherad

Bjørg Schultz får æra av å stille ut sine produkt under ei utstilling der profesjonelle husflidshandverkarar frå Oppland blir presentert. Husflidshandverkaren frå Nordherad er fyrst ut.

Striikking: Bjørg Schultz har strikka sidan ho var fire år gamal. Nå skal ho stille ut vottar og luer under ei utstilling på Lilllehammer.   Foto: Arve Danielsen

New Articles

Onsdag 28. februar opnar årets fyrste utstilling av profesjonelt husflidshandverk frå Oppland, i fylkeskommunen sin foaje i Kirkegata på Lillehammer.

Bjørg Schultz driv firmaet Mangesysleriet i Nordherad i Vågå saman med mannen Per.

Ho er ein husflidshandverkar som arbeider i samspel og i pakt med naturen. Bjørg produserer vottar og luer av kortreist ull frå sau på Valbjør gard i Nordherad.

Det betyr mykje for Bjørg at vottane blir laga på ein slik måte at dei ikkje skadar naturen, og ikkje inneheld stoff som skadar den som har på seg vottene. Difor er dei ikkje behandla med anna enn såpe og vann. Dei har frramleis igjen ullas naturlege feitt.

Bjørg tykkjer det er viktig at vottane og luene skal vere funksjonelle og gode å bruke. Teknikken ho brukar er pjoning og hakking.

Det var tradisjonsbæraren Gunhild Valbjør Løchen som lærte Bjørg å spinne for 25 år sidan. Ho var ein av nestorane innan faget.

Bortsett frå kardinga, gjer Bjørg alt arbeidet med vottane og luene. Alt fra sortering og pakking av ull, spinning, vasking av garnet, pjoning/hakking, vasking/toving og etterbehandling.

Kvart produkt er eit 100 prosent unikt handverksprodukt.

Bjørg har strikka sidan ho var fire år gamal, og det går vel knapt ein dag utan at ho tek fram eit handarbeid.

Bjørg Schultz er open for ny kunnskap og har også studert Tekstilkultur på Vestnorsk kulturakademi på Voss. Ho er ein ettertrakta kurslærar i fagmiljøet.