Ny serie om reinsgjetarar startar i kveld

NRK har laga ein ny serie om reinsgjetarar i Jotunheimen. Denne gongen handlar det om gjetarar i Vågå tamrein. Fyrste program i serien kjem i kveld, måndag 26. februar.

Gjetar i Jotunheimen: Dei fire gjetarane i Vågå tamrein blir presentert på NRK1 fire måndagar framover. I serien får ein møte fire unge menneske som har valt eit heilt spesielt liv. Frå venstre står Ola Vaagaasarøygard, Jørn Slettom, Ragnhild J. N. Jacobsen og Mali Tungen.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

New Articles

NRK har laga ein ny sesong av serien «Gjetarar i Jotunheimen», no med ei lita namneendring.

Den nye tittelen er: «Gjetar i Jotunheimen.» Serien handlar om Vågå Tamrein der fjernsynssjåarane blir kjent med  dei fire gjetarane gjennom fire program. 

Rebecca Nedregotten Strand i NRK som har laga serien, fortel at dette er ein norsk dokumentarserie om fire unge menneske har valt eit heilt spesielt liv. Dei passar på tusenvis av reinsdyr i eitt av dei vakraste og villaste fjellområda i Noreg. Her får fjernsynssjåarane bli med gjetarane i Vågå Tamrein inn i deira fantastiske, men også utfordrande kontorlandskap. 

I fyrste episode av «Gjetar i Jotunheimen» blir ein kjent med Ragnhild J.N. Jacobsen og hennar sjeldne arbeidskollega. For Ragnhild er ein av særs få gjetarar i Noreg som brukar hest. Kvardagen hennar er full av eventyr, men inneber også å ofre noko. Å vere tamreingjetar er ikkje berre eit yrke, det er ein livsstil. Ragnhild er frå Nord-Fron og bur i Randsverk.

I andre episode av blir ein kjent med Mali Tungen frå Dovre. Ho er ny i jobben og har berre gjeta sau før. Å gjete ein diger reinsdyrflokk byr på heilt andre utfordringar. Samstundes jobbar ho og hunden hennar Noah hardt for å nå årets store mål; å kvalifisere seg til NM i bruks- og gjetarhund.

I tredje episode møter ein Ola Vaagaasarøygard frå Lom som er overgjetar i Vågå Tamrein. Han slutta på skulen allereie som tenåring for å passe reinsdyr. No lever han draumen sin, men kjenner også at ansvaret kan tynge. Spesielt når den døyelege skrantesjuka blir påvist på villrein i nærleiken av tamreinen sitt beiteområde.

I fjerde episode møter ein Jørn Slettom, også han frå Lom. Han har reingjeting i blodet og har vakse opp med Jotunheimen som leikegrind. No kombinerer han gjetarjobben med turisme, og fjelltur med reinsdyr er populært. Spesielt når turen går til Noregs høgste fjell saman med den tamme reinsbukken Iver. Men Jørn har erfart at høgfjellet også plutseleg kan bli farleg.

Serien «Gjetar i Jotunheimen» blir sendt fire måndagar på NRK1 frå og med 26. februar.

Jenter og hundar: Mali Tungen og Ragnhild J. N. Jacobsen og hundane deira blir presentert i dei to fyrste programma i serien. I tillegg til hunden har Ragnhild også ein annan arbeidskollega som er sjeldan i reinsfjellet.