Vågå Ap avsluttar samarbeidet med Bygdalista

Vågå arbeidarparti avlsuttar den valtekniske samarbeidsavtala med Bygdalista med øyeblikkeleg verknad. Det vedtok årsmøtet i partiet torsdag kveld.

Bryt samarbeidet: Vågå Ap bryt samarbeidet med Bygdalista. Etter at dei to partia inngjekk avtale etter valet i 2015, fekk blant anna Ap ordføraren og Bygdalista varaordføraren.  Foto: Arve Danielsen

Årsmøte: - Nå vil Vågå Ap forhalde seg til Bygdalista på lik line som dei andre paritia i Vågå, skriv Geir Inge Stadeløkken (til venstre) i ei pressemelding. Her saman med nestleiar Gjermund Øihusom etter årsmøtet i partiet i 2017, der Stadeløkken vart valt til leiar av partiet.   Foto: Arve Danielsen (arkiv)

New Articles

Leiar Geir Inge Stadeløkken i Vågå arbeidarparti sendte fredag ut ei pressemelding etter vedtaket i årsmøtet torsdag kveld.

Stadeløkken skriv at Vågå Arbeiderparti er ein del av Det Norske Arbeiderparti. Det er fastsatt i vedtekter korleis politiske prosessar skal gjennomførast. I Arbeiderpartiet er det lagt stor vekt på demokratiske prosessar der kvart enkelt medlem skal kunne påverke og lyttast til.

- Vågå Arbeiderparti har fleire gonger opplevd at Bygdalista ikkje tek omsyn til våre krav om å behandle saker i vår partistruktur og i henhald til våre vedtekter, men at det tvert imot blir forventa at våre representantar skal ta tunge avgjerd på stutt varsel, utan å få moglegheit til å forankre dette i vår organisasjon. Dette er ein arbeidsmetodikk som vi ikkje lenger kan vere med på, skriv Stadeløkken.

Vågå Arbeiderparti vil difor avslutte den valgtekniske samarbeidsavtala med Bygdalista med øyeblikkeleg verknad.

- Dette betyr at alle fellesmøter opphøyrer og at vi forheld oss til Bygdalista på lik line som dei andre partia i Vågå, skriv Geir Inge Stadeløkken.