Bismo - midt i Tesla-hjarta

– Skjåk leverer stuttreist strøm til ladestasjonen, sa ordførar Elias Sperstad da han laurdag opna Tesla Supercharger i Bismo.

Bismo på kartet Bjørn Gundersen frå Ålesund, Marianne Mølmen frå Tesla Norge, Øyvind Frich, Per Ivar Brenna og ordførar Elias Sperstad var glade for å opne ny Tesla Supercharger-stasjon i Bismo.  Foto: ARVE DANIELSEN

New Articles

Ladestasjonen for Tesla på parkeringsplassen framfor Skeid kro er ein av 28 Supercharger-stasjonar i Norge. Stasjonen i Bismo har seks ladeplassar.

Med 30 minuttar lading, kan ein køyre 27 mil med ein Tesla.

– Det betyr at ein ikkje treng nokon ladestasjon mellom Bismo og Lillehammer, sa ordførar Elias Sperstad. Han var glad for at valet fell på Bismo som ladeplass til EL-bilane av merket Tesla.

I 2013 var Dombås ein av fem plassar i landet med ladestasjon for Tesla. Øyvind Frich frå Dombås har saman med vertskapet på Skeid kro; Sissel og Per Ivar Brenna, vore pådrivar for å få ein ladestasjon i Bismo. Med dette er Bismo midt i Tesla-hjarta her i landet, men har også fått sin plass på Europakartet. Nå kan ein køyre EL-bil frå Skjåk til Malaga i Spania.

Bjørn Gundersen frå styret i Tesla Owners Club kom eins ærend frå Ålesund til Bismo for å vere med på opninga.

– Bismo blir ein naturleg stoppestad for dei som køyrer Tesla frå Nordfjord og Sunnmøre, sa Gundersen.