Det var tidlegare i år at tre personar tok kontakt med Skjåk friviljugsentral for å få hjelp til å dela ut pengar dei hadde lagt av gjennom året. Mottakarar: Barnefamiliar med krevjande økonomi. I tillegg har Jo André oppretta ein Spleis med same mål. Denne måtte han stenge etter berre eit par dagar fordi gjevargleda var så stor…over 65 personar har bidrege!

Jo André oppmodar dei som er i målgruppa for tiltaket om å ta kontakt med Skjåk frivljugsentral for å få utdelt gåvekort pålydande 500,- kroner som kan nyttast på Coop.

Spleisen til Jo André vart fort populær. Foto: Skjermdump - spleis.no