Fredag 26. april leverte eit samla jordbruk sitt krav til staten i årets jordbruksforhandlingar.

Kravet vart levert til Landbruks- og matdepartementet av faglaga Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag, på vegner av heile jordbruket.

Kravet frå bøndene er på 3,9 milliardar kroner.

Måndag 6. mai klokka 12 la staten fram sitt tilbod til bøndene. Statens forhandlingsleiar Viil Søyland presenterte tilbodet på ein pressekonferanse.

Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, og leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Tor Jacob Solberg, var også til stades.

Pressekonferansen vart filma og strøyma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS), og du kan sjå opptaket øvst i denne artikkelen.