Skytetrenar og gullvinnar Petter Bratås gir gode råd om pistolskyting. Foto: Ola Ø. Rossehaug

Skjåk Pistolklubb har sidan tidleg på syttitalet vore meir eller mindre aktive innanfor idretten pistolskyting, dei siste åra har klubben sett ein auke i antalet medlemmar, og har i dag omtrent 80 medlemmar frå Skjåk og Lom. Dei har med god hjelp frå lokalt næringsliv, tallause dugnadstimar og godt samhald fått bygd seg opp ei skytebane dei fleste klubbar i landet kan sjå langt etter: Ti standplassar på 25-metersbane med elektroniske skyteskiver!

Ola Plassen vurderer skyteteknikken til Sigurd V. Haagaa. Båe to har vore medlem i Skjåk Pistolklubb i fleire år. Foto: Ola Ø. Rossehaug

Klubben imponerar

Petter Bratli var hjå Skjåk Pistolklubb for tredje gong denne helga. Bratli har gjennom karrieren sin som pistolskyttar ikkje mindre enn 75 gull i NM, 50 gull i Nordisk meisterskap, og pallplassering 29 gonger i VM og EM - åtte av desse var gull. Den røynde pistolskyttaren har mykje å fara med når det kjem til meistring av både mentale og fysiske teknikkar innan idretten pistolskyting, og han skryt miljøet i Skjåk pistolklubb opp i skyene: –Dei byggjer opp klubben, skapar eit godt miljø. Det er så morosamt å sjå! Og så presterer dei bra, syns eg: Eg har blitt imponert!

Kasserar Harald de Presno og Leiar Lars Kurt Haugen er godt nøgde med kurhelga, og det gode miljøet dei har i Skjåk Pistolklubb Foto: Ola Ø. Rossehaug

Ein klubb i vekst

Medlemmane sjølve i klubben er og tydelege på at dei trivst godt: Her er det rom for alle uansett dugleik og ambisjonsnivå! Sjølv om klubben har hatt god vekst dei siste åra, tek dei gladeleg imot nye medlemmar. Leiar i Skjåk Pistolklubb, Lars Kurt Haugen, oppmodar alle som kan tenkje seg å prøva om å ta kontakt med klubben eller direkte med han: Her er det plass til alle! Trass i mange store investeringar dei siste åra, har klubben god økonomi. Kasserar Harald de Presno peikar på det lokale næringslivet, som er inne som sponsorar, er heilt avgjerande for at det er slik.