Over 500 køyrety står på startlista til Flåklypa-løpet fyrstkomande laurdag. Denne dagen har Fjuken planar om å ha direktesending på Fjuken-TV.

Vi tek sikte på å «gå på lufta» om lag klokka 10.45, og få med oss heile starten og alle farkostar ut frå campingplassen på Nordal Turistsenter i Lom. Startskotet for veteranbilløpet går klokka 11.00.

Seinare på dagen er vi litt rundt i løypa, både på postar og andre stader, og gjer intervju og opptak til redigerte innslag som blir tilgjengeleg på Fjuken-TV seinare.

Om du ikkje er med å køyre eller har høve til å stille opp langs løypa, fylg Noregs største veteranbilløp på www.fjuken.no laurdag 28. mai.

Dette blir Fjuken sin aller fyrste direktesendte videoproduksjon, og måndag vart både forhold og videoutstyr testa på startområdet i Lom.

Direktesendinga frå Flåklypa-løpet blir ikkje lagt bak betalingsmur, og vil vera tilgjengeleg for alle.