av Mari Midtli, selver som vil åt Lom

I vår las eg fleire perspektiv på saka i Fjuken og GD, alle frå politikarar. Vi er på leit etter ein stad og bu i Lom. Ofte får vi høyre «ein kan ikkje fløtte før ein har fått seg jobb» eller liknande velmeinande råd. Det er ikkje det vi brukar mest energi på. Vi ønskjer først og fremst å finne ein plass vi kan trivast. Frå der kan vi pendle, jobbe heimanfrå, jobbe bortafrå eller kanskje jobbe på.

I podcasten «Helt Ekte» i fjor høyrte eg Pål Egil Rønn seie noko slik som at verda stoppar ikkje på Frya. Verda i Lom stoppar ikkje sør for Byrbergtunelen. Det finnast moglegheiter, og eg trur at generasjonen vår er meire opptekne av å kombinere godane frå ulike måtar og leve på. Dette meiner eg også ein hjørnestein i auka tilflytting. Å by på det ein har mest av, det ein ikkje får ved å bu i byen. Dette er ikkje ein dommedagsprofeti om utviklinga i bygde-Noreg. Det er tvert imot eit forsøk på å forklare kvifor dette freistar. Det skjer mykje spennande både innan reiseliv, næringsutvikling og kultur i Gudbrandsdalen og vi ønskjer å vere med på å skape framtida der.

Dagens huseigarar i Lom er i ei særstilling. Det er rift om bustadar. Du kan potensielt selje eigendommen din med gevinst. Ein gode for eigarane, og ei stor utfordring for potensielle kjøparar fordi det er få eller tidvis ingen bustadar på den opne marknaden.

I mai behandla Lom kommunestyre forslaget om å innføre nullkonsesjon i Lom. Vi følgde spent med. Dette har direkte innverknad på kvar vi skal bu, framtida til bygda og samfunnet vi ønskjer å vere ein del av. Eit knapt fleirtal stemte imot. Mesteparten av året er det dei vel 2200 innbyggjarane i kommunen som bidreg til lokalt handel- og næringsliv. Kvar og ein er viktig. I 2022 var det fødd 14 ungar i Lom Kommune, medan det dobbelte døydde (tal henta frå Statistisk Sentralbyrå, 07.07.23). Subtraksjon lærte vi på barneskulen. Ein har ikkje tid til å tenke seg vel og lenge om. Ein må handle.

Innføring av nullkonsesjon, om så berre på Fossbergom, hadde tent ljos i glasa att. Somme snarleg og somme på sikt. Ei mengd bygningar står tomme mesteparten av året. Privatpersonar gjer gode forunnte pengar på dei, men det undrar meg at politikarane tenkjer at kommunen har råd til det. Dei økonomiske ringverknadane av fastbuande kan ikkje sesongarbeidarar eller turistar kompensere for.

Eg ønskjer å rose næringssjef Åshild Amundsen. Ho har vore både hjelpsam og proaktiv i leitinga vår etter bustad. Kommunen har gjort ein god jobb i å både kartlegge og regulere aktuelle område for bustadbygging. Utifrå slik eg forstår det etter samtaler med fagpersonar, er dette generøst av kommunen då liknande prosessar i andre kommunar må initierast og kostast av grunneigar. Naturlegvis i tillegg til ein del formalitetar eg ikkje kan noko om.

Oversikta er lett tilgjengeleg og Felleskontoret for plan miljø og byggesak i Lom og Skjåk gjev raskt svar på spørsmål. Utfordringa ligg i at grunneigarane sjølve ikkje naudsynt er interessert i å selje desse potensielle tomtene. Det kan eg ikkje klandre dei for. Det er trass alt ein privatsak. Men utviklinga let vente på seg. Det må nemnast at vi ikkje har kontakta grunneigarar i større område regulert for bustadbygging av den grunn at vi ikkje ønskjer å bu i eit framtidig bustadfelt. Vi ønskjer å flytte frå nettopp dette til noko vi ikkje finn i byen; utsikt, god plass og moglegheit til å realisere draumar. Lista over kriteria for korleis vi ønskjer å bu er ikkje lang, men den har nokre ufråvikeleg punkt. For oss kan ikkje desse oppfyllast i byen.

Eg meiner ikkje at framtida er å bygge fleire bustadfelt. Vi kjem ikkje heim att for å bu i rekkje. Løysinga er heller ikkje så vanskeleg, men ein må tørre å satse for framtida. Klarar ein på sikt å fylle husa som alt finnast, er mi oppfatning at det er den enklaste og beste løysinga både i eit miljø- og økonomisk perspektiv. Omsyn kring affeksjonsverdi og verdiskaping i form av pengar frå privatutleige er ikkje med i denne rekneskapen.

Eg ønskjer å bu i ei levande bygd heile året. Argument som at konsekvensane av innføring av nullkonsesjon ikkje gjev utslag før om ein del år, meiner eg er vel passive. Om du ikkje sår har du heller ikkje noko å hauste.

Fjuken skreiv 10. juli at Bygdelista i Lom meiner det viktigaste er å leggje til rette for dei eldre. Dernest kom arbeidsplassar, før bustadar og tomter vart nemnd. Eg vel å tru at Bygdelista ser viktigheita av auka tilflytting. Dette er ikkje venstrehandsarbeid. Kommuneadministrasjonen er framme i skoa, og eg håpar politikarane følgjer etter. Det er neppe problem å få folk på alle postadresser i Lom, om politikarane berre er interesserte nok. Her er attraktive bustadar i hopetal. Vi kjem!