av Magnus Bø, ordførarkandidat Lom Sp

På Senterpartiet sitt landsmøte i helga vedtok vi ein resolusjon om norsk matproduksjon. Heilt naturleg for «Bondepartiet» vil nok kanskje mange si, men eg er stolt av å være ein del av eit parti som set norsk beredskap og matproduksjon så høgt på dagsorden. Det er i heile Noreg si interesse å ha trygg og god norsk mat, også i framtida.

Kvar sumar blir det sleppt fleire tusen beitedyr på beite i Lom og Skjåk. Mange av desse kjem aldri attende til bruket dei kjem ifrå. Sett under eitt var det i 2020 meir enn 60.000 sau og lam på utmarksbeite i heile Nord-Gudbrandsdalen. Mang ein gardbrukar har seinhaustes teke den strevsame turen opp på fjellet for å leite etter dyr som kanskje ikkje lever lenger. Det er sauen som i all hovudsak held utmarka open i Noreg. Det er sauen som held fjella attraktive for alle som ynskjer å gå seg ein tur i «urørt» natur.

Ulv og bjørn har fått mykje merksemd frå landets politiske elite, men kva med jerven? Vi som bur i Lom og Skjåk veit betre enn nokon annan kva slags konsekvensar det inneber at jerven ikkje er forvalta ned på bestandsmålet som er fastsett i rovviltforliket frå 2011. Mykje av problemet er strenge krav til godkjende registreringar og kor stor lisensfellingskvote blir er bestemt utifrå kor mykje ynglingar som blir rekna. Senterpartiet meiner at rovdyra skal forvaltast ned på bestandsmål, vi må legge til rette for meir effektivt uttak av jerv og teljinga må skje på ein sikrare måte.

Det er berre gjennom å legge til rette for utstrakt bruk av beiteressursane våre at vi kan sikre at vi når målet som er fastsett i Hurdalsplattformen om å nå 50% sjølvberging korrigert for fôrimport. Det er gjennom å legge fram ein forpliktande plan for å tette inntektsgapet til landbruket og andre grupper i samfunnet at vi sikrar at vi har nok matprodusentar, også i framtida.

Denne helga bekrefta grasrota i Senterpartiet at matproduksjon over heile landet fortsatt står høgt på dagsorden hjå våre rikspolitikarar. Eg er stolt over å vere ein del av dette laget.