Av Magnus Bø, Marit Sletten, Rolv Enersvold og Ragnhild Sjurgard, Lom Sp

Dagen etter valet i 2019 sa Senterpartiet til Bygdalista:

– Vi forhandlar ikkje om ordføraren avon.

Dagen etter valet i 2023 sa Bygdalista til Senterpartiet:

– Vi forhandlar ikkje om ordføraren avon.

I båe tilfella var det naturleg at det største partiet får ordførarvervet. Sidan vart ikkje det vervet diskutert i forhandlingane.

SP og BL hadde to møter for å diskutere både posisjonar og felles politisk mål, og vi kom til stor einigheit. Det var viktig for oss at eit eventuelt samarbeid skulle byggast på ein felles plattform som var forankra i båe parti. Vi avtalte eit tredje møte for å ferdigstille den framforhandla avtalen og signere – eit møte som aldri fann stad.

Senterpartiet synes det er harmeleg at Bygdalista ikkje sa frå om at isen i magen heldt på å smelta.

Vi er skildra som grådige og treige. Vi meiner det er greitt å bruke tid på å fatte avgjersler om samarbeid.

Senterpartiet står godt i opposisjon i komande periode. Vi kjem fortsett til å arbeide for ei god utvikling av Lom. Viktig for oss er det å arbeide målretta mot utanforskap og einsemd, arbeide for lokal forvaltning av ressursar og vi kjem til å arbeide tett opp mot våre folk på fylkestinget for å bevare vidaregåande skuletilbod i Lom. Kommunestyret må også sikre at alle som ynskjer å bu i bygda vår har ein plass å bu, samt at næringslivet har moglegheita til å blomstre.

Overordna over alt dette er fortsett å sikre trygg økonomisk styring av Lom, i arbeidet med budsjettet er det viktig for oss å involvere heile Senterpartilaget.

Takk for tilliten – vi er spente på dei neste fire åra!