av Ivar B. Blekastad

Sjølvaste oppsynsmannen Bård Tufte Johansen synte oss her om dagen korleis det står til på Sennalandet i Finnmark. Der har Støres vindturbinar okkupert villmarka. Bra for oss, for da veit vi  korleis det blir i Slådalen og der omkring dersom Fred Olsen Renewables gjenomfører planen sin. Dei gjer da ikkje noko gale, berre det Jonas Gahr Støre og regjeringa går inn for med full kraft?

Det slike planar seier lite eller ingen ting om, er at ein vindturbin ikkje eig bærekraft, knapt koko kan brukast om att. Kva gjer ein med utslitne vengjer på 150 meter som er laga av glasfiber? Dei lar seg ikkje brytas ned, og dei flasar mengder med mikroplast i si levetid. Den fell ned på beiteområder for fisk og dyr. Kven vil eta slik mat, og risikere at mikroplasten finn vegen til blodårene våre?

Kva vil Støre gjera med utrangerte vengjer, grava dei ned? Kva med øydelagd natur til veger og grunn for turbinene? Kan hende er det på sin plass med ei konsekvensutgreiing før slike store prosjekt blir sett i gang? Men da må den få med alt Støre og vi andre ikkje veit.