KS er utviklingspartnar, landets største offentlege arbeidsgjevarorganisasjon og forhandlingspart i lønnsoppgjer. I tillegg har KS ei viktig rolle inn mot regjering med regelmessige konsultasjonsmøte med ulike departement og KS arrangerer ei rekke større konferansar og seminar som gjeld offentlege ansvarsområde.

På Landstinget 14. februar 2024 vart eg vald som 2. nestleiar i KS og vil dei neste fire åra jobbe for kommunesektoren sine interesser inn mot regjering og Storting. Landstinget vedtok Kommunesektoren sine politiske prioriteringar for 2024-2027 som KS skal jobbe etter.

Dei 254 delegatane på Landstinget i Trondheim deltok i komitear som gjennom gode politiske diskusjonar la grunnlaget for kva KS skal jobbe med dei neste fire åra. Dette politiske dokumentet er eit uttrykk for ein samla kommunesektor sine ambisjonar og prioriteringar. Eit sterkt lokaldemokrati ligg i botnen for kommunesektoren sine prioriteringar og for våre forventningar til nasjonale myndigheiter.

KS er ambisiøse på vegne av sektoren med stor tru på lokaldemokratiet sine moglegheiter og klare forventningar til staten om politisk og økonomisk handlingsrom til å løyse oppgåvene. Vi ser at store endringar og godt samarbeid er nødvendig for å nå dei fem hovudmåla i dokumentet, som er: Eit sterkt lokaldemokrati, ein berekraftig velferd, ei grøn framtid, eit inkluderande arbeids- og samfunnsliv og eit trygt og sikkert samfunn.

Lokaldemokratiet er innbyggarane, det er lokalsamfunna, og derfor må og skal kommunane og fylkeskommunane ta innbyggarane sine interesser og bekymringar på alvor, vekte ulike omsyn, prioritere ressursbruken effektivt og finne nye løysningar på ein måte som har legitimitet i befolkninga. Vi skal også peike på konsekvensar av nasjonale vedtak for kommunesektoren og utfordre på korleis løyse dette i samhandling.

Kommunesektoren er godt egna til å skape forståing for at det er nødvendig å prioritere og omstille og at vi treng ein felles innsats i lokalsamfunnet for å løyse oppgåvene. Det er behov for mindre statleg detaljstyring for at lokaldemokratiet skal kunne fungere godt og for å få til nødvendig omstilling.

Vi ynskjer meir og sterkare samarbeid på alle plan og forventar at nasjonale myndigheiter legg tenester og oppgåver nærast mogleg innbyggarane, gode rammevilkår, sjølvråderett og økonomisk handlingsrom.

I den tida vi er inne i nå, må vi skape meir robuste og tilpasningsdyktige lokalsamfunn som kan sikre primærbehov som mat, drikkevatn, energi og grunnleggande infrastruktur for innbyggarane våre. Tillit til styresmaktene er avgjerande for å oppretthalde eit samfunn der folk står opp for kvarandre og trår til om vi blir ramma av kriser.

Ungdommen er framtida vår og det vart arrangert toppmøte for barn og unge, for andre gong, i forkant av Landstinget. 120 reflekterte, engasjerte og kunnskapsrike unge delegatar frå heile landet var samla og diskuterte kommunesektoren sine politiske prioriteringar. Innspel frå ungdommane fekk gjennomslag på fleire felt og er teke med i det vidare arbeidet.

Det var Gunn Marit Helgesen (H) som vart attvald som styreleiar. Odd Stangeland (Ap) vart 1. nestleiar og underteikna vart 2. nestleiar. Saman utgjer vi leiartrioen for KS og Hovudstyret fram til 2027. Frå Innlandet vart også Truls Gihlemoen (Frp) vald inn i hovudstyret.