Av Svein Arne Bøje - medlem Trafikksikkerheitsutvalet Skjåk kommune

Med bustad nær inntil RV15 i Skjåk, er eg svært bekymra over fartsnivået på strekninga der vi bur.

Det er særleg om morgonen og ettermiddag/kveld vi registrerer bilar som held veldig høg fart. Eg har også vorte forbikøyrd fleire gonger til og frå arbeid og det på til dels på uoversiktlege strekningar.

Nå nærmar vi oss ei årstid med svært stor trafikk, både med bilar, traktorar og mjuke trafikantar etter vegane våre.

I tillegg er det til tider også mykje hjortedyr langs vegen i dette området. Og med slik uansvarleg køyring som enkelte driv med er eg redd det kan enda svært tragisk.

Eg vil tru at dei som har liten eller ingen respekt for fartsgrenser også har nokon heime som er glad i dei. Men ein kan lura på om dei tenkjer på dette når dei gjennom høg fart og farlege forbikøyringar set både andre og sitt eige liv i fare.

Eit anna moment dei bør tenkja på er belastninga dei utsett naudetatane for. Skulle det skje ei alvorleg ulykke her i Skjåk, er det stor sjans for at redningsmannskapa kjenner eller kan vera i slektskap med involverte.

Nå er det ikkje mange dagane sidan det skjedde ei tragisk ulykke i Trysil, der 2 personar i 20-åra omkom i ei tragisk ulykke.

Innlandet var det fylket som hadde flest omkomne i trafikken i april.

På ein forholdsvis liten plass som Flekkefjord mista dei også 2 ungdommar i ei ulykke for eit par månader sidan og 5 ungdommar vart alvorleg skadde i ei russebilulykke sist helg.

Dette er alle saman tragiske ulykker som fekk relativt store oppslag i media og som ein trur skulle gjera inntrykk. Men det virkar dessverre ikkje slik. Derfor er eg redd for at det kun er eit tidsspørsmål før Skjåk kan bli ramma av ei tragisk ulykke som fylgje av uansvarleg køyring.

Det å få eit forelegg eller bli anmeldt for overtredelse av vegtrafikklova er ikkje farleg, det er ingen som blir skadd eller døyr av det. Men det som er farleg er å køyre fort, uansvarleg og eventuelt i rus slik at både ein sjølv og ikkje minst andre trafikantar blir utsett for fare.

Til slutt vil eg derfor koma med ei oppmodning. Hald fartsgrensa, køyr ansvarleg og bidra til at Skjåk ikkje blir med i ein tragisk ulykkesstatistikk.

VI HAR INGEN Å MISTA!