av Marte Linderud, Vågå Ap

I 2022 fløtte det 59 personar frå Vågå. Eg trur noko av årsaka er ein krevjande bustadsituasjon. Eg har sjølv kjend denne på kroppen da eg tok med familien å fløtte heim i 2020. Mangel på utleigebustadar og bustader for sal gjorde at vi ende opp med å bu fire personar på 50kvm i nesten to år. Da skal du væra over snittet motivert for å bli vagvær om du skal bli værande. Vi var så privilegerte at vi etter to år kunne fløtte inn i eit nybygg, men det er ikkje situasjonen for alle.

Vågå Arbeiderparti har lansert Vågåpakka som eit krafttak for å behalde innbyggjarane våre og gjere det attraktivt for nye å fløtte til. Vågåpakka sett mellom anna fokus på at vi innan kort tid må få på plass fleire bustadar, ikkje berre i grendene, men også i sentrum.  Eg meiner at det er heilt sentralt for Vågå kommune å ha fleire utleigebustadar av ulik størrelse tilgjengelege for folk som ynskjer å skifte bustad eller fløtte heim til bygda. Du rekk ikkje ta over eit småbruk, pusse opp eit hus eller bygge nytt i løpet av dei tre månadene du har oppsigelsestid. Skal vi behalde og få ny arbeidskraft i bygda må vi ha bustadar som passar livssituasjonen, der vi vil trivast over tid.

 I dag er ikkje bustad berre tak over hovudet. Det handlar om tryggleik, tilhørigheit og sjølvstendigheit. Vi treng ulike bustadar for å møte dei ulike innbyggarane våre. Det handlar ikkje berre om tilflyttarar, det handlar like mykje om at Kari på 70år skal ha moglegheit til å flytte til ei leilegheit i sentrum for at ho skal kjenne på at ho er så sjølvstendig som ho ynskjer å væra. På den måten kan Knut ta med seg familien å kjøpe småbruket hennar Kari, som oppfyller deira drøym og passar deira livssituasjon. Det handlar om at dei som ynskjer å realisere bustaddraumen, men som ikkje har råd i byen skal sjå verdien i å gjere det her. Dette er arbeidskraft, dette er liv og dette er utvikling. Bevegelse i bustadmarknaden er viktig for alle oss som bur i Vågå. Det handlar om at når livssituasjonen vår er i endring skal vi væra trygge på at det finst bustadar for oss i Vågå. Bevegelse er med å regulere prisane på bustadmarknaden slik at yngre også har moglegheit for å komme inn på bustadmarknaden utan å fløtte til nabokommunane.  Derfor vil Vågå Arbeiderparti gjennom Vågåpakka mellom anna sette i stand byggeklare tomter på Brustuggujordet innan to år. Vågå skal væra ein god plass å bu for alle innbyggarar, då må vi også legge til rette for ein bustadsituasjon der folk kjenner på tryggleik, meistring og tilhørighet.