av Sigmund Bråtet

«Kulihaugen var eit idyllisk, lite skogholt mellom øvre Grindåkeren og Eggjasletta. Gjennom Kulihaugen gjekk det kjerre-/bilveg opptil Gamlevegen og grenda der», skriv Julie Øyjordet i Heim og Bygd 2022.

Det var vel kan hende idyllisk når ein hugsar attende slik det var eingong. Skogen der var furu, nokre bjørker, eit par, tre osper som fargela området om hausten. Eineren voks der sjølvsagt, og der var og nokre steinrøyser som ein kunne finna jordbær framved, dersom ein var heldig. Innafor Kulihaugen flata terrenget ut og der låg det ofte ein tømmerlunne når det leid til vårs. Tømmer som prestgardskarane hadde hogge og køyrt fram med øyk. Kulihaugen var ein del av leikegrinda til ungane i grenda. Der hadde både vaksne og born sin daglege gange til skule, butikk og arbeid.

Men idyllen Kulihaugen er borte, det er ingenting att av den. Kulihaugen vart oppdyrka og lagt saman med Eggjasletta. Når nå Lom Kommune har planlagt å byggja bustader på Kulihaugen vil eg påstå at det går ikkje an. Ein kan ikkje byggja på eit område som ikkje finst, det er ikkje der lenger. Difor vil eg oppmode om at det frå kommunalt hald, og andre òg, at arealet blir nemnt med sitt rette namn, som er Eggjasletta.

I høve planane som kommunen har for området, vil eg seia meg heilt einig med Torgeir T. Garmo, det er stuttsynt umoralsk og forkasteleg.

Riksrevisjonen la i haust fram ein knusande kritikk av norsk matsikkerheit og beredskap. Der påpeika dei mellom anna at, sitat: «alt for mye matjord bygges ned og omdisponeres». Det var berre eitt av mange kritiske punkt som var nedfelt i rapporten.

Kanskje kommunestyrerepresentantane har lese den rapporten, kva veit eg. Dersom ikkje, burde den vore lesnad for alle folkevalde. Skal vi oppnå målet om større sjølvforsyningsgrad her i landet, kan vi ikkje fortsetja med å byggja ned matjorda vår.

Eit paradoks er at myr er verna, takka vera miljøvernorganisasjonene. Ein må undrast over at ikkje bondeorganisasjonane har greidd det same når det gjeld matjord.

Frå kommunalt hald seiest det at Lom treng mange fleire boligar i åra som kjem, til omsorg, til flyktningar og til folk som vil fløtja åt Lom. For å ta det siste fyrst: Når folketalet i Lom har gått berre ein veg, nedover, i heile mi levetid, er det i overkant optimistisk å tru at vi kan få noko tilflytjing i særleg stor grad. Skal ein få det må ein ha arbeidsplassar å tilby. Som kjent har ikkje Lom altfor mange av dei. Vi må ta imot flyktningar, og det kan vera ein måte å auka folketalet på. Men ingen kan da forvente at vi skal byggja ned matjorda vår for at det skal skje. Det vil i så fall vera det same som å saga av greina vi sjølve sit på.

Upphov, eller Lientomta, som det blir kalla, må vel eigna seg betre til omsorgsbustader enn på Eggjasletta skulle ein tru. Eg veit ikkje planane for utbygginga av helseheimen, i kor stor grad det blir omsorgsboligar der, men har forstått det slik at noko blir det. Eg skal ikkje kommentere så mykje den avdelinga på helseheimen som har vore nedlagt i årevis, men i mitt hovud må det vera ein svært dårleg måte å utnytta eksisterande ressursar på.

Det verkar som om folk flest, i større grad enn før, engasjerer seg meir mot nedbygging av natur, det gjeld særleg vindmølleparkar og fritidsboligar. Ein kunne ynskja at same merksemda vart vist ved nedbygging av matjord.

Før det blir igangsett bygging på Eggjasletta, vil eg og mange andre, håpe på at saka kjem på sakskartet i kommunestyret ein gong til, og da, at det får eit anna utfall. Kvar stein må snuast for mogleg å finna ei anna løysing. Er steinane snudde før, snu dei ein gong til!

I snitt blir det lagt ned eitt gardsbruk kvar dag her i landet. Dette kan ikkje fortsetja slik når det er skrikande matmangel og svolt i store delar av verda. Den dagen butikkhyllene ikkje er så velfylte lenger, er kan henda nærare enn vi likar å tenkje på.

Gaute Helland påpeikar, og med rette, manglande byggjeskikk på skissene som har vore vist i avisene. Husa har vel saltak, men takutstikk og vindskier fanst ikkje, så vidt ein kunne sjå. Kvifor i all verda blir det ikkje lagt føringar for god lomsk byggjeskikk frå kommunalt hald? Ein byggjeskikk som Torbjørn Fjeldstad «greip fatt i» og vidareførte her i Lom, som Lom får mykje skryt for og som lomværar flest er litt stolte over. Da skulle det berre mangle at ikkje vi heldt fast ved den. Det ville vera stor skam for oss alle!