Lillehammer Sosialistisk Ungdom, Lom Sosialistisk Ungdom, Mai Bakken Innlandet SV

Det er ofte manglande samsvar mellom tog- og bussavgangar, og ofte vil toga stoppe for å sleppe av, men ikkje på, passasjerar.  I tillegg har tognettet fått seg ein knekk etter brukollapsen i Ringebu, som ytterlegare har avgrensa moglegheitene for å velje kollektivt. Toget som allereie ikkje gjekk særleg fort, er no erstatta av buss for tog som går enda seinare.

Dette har også medført at mykje gods som tidlegare gjekk med tog, er flytta over på tungtransport etter vegane våre. Dette auka dei allereie høge utsleppa Innlandet har på transport.

Skal vi kutte Innlandet sine utslepp effektivt, må vi få fortgang i arbeidet med å få tognettet opp og gå att. Kollektivtransport må bli eit reelt alternativ for nord-gudbrandsdølane, og det usamanhengande tilbodet må betrast. Vi må også halde fram med satsinga på godstog, og gjere det billegare å velje kollektivt. Særleg togbillettprisane må ned!

Sosialistisk Ungdom i Lillehammer og Lom er samde i SV sitt krav om fortgang i brubyggingsprosessen i Ringebu, samt i arbeidet om reparering av togskinnene etter flaumen. Vi er også samde i SV sin prioritering av godstog.

Vidare ynskjer Sosialistisk Ungdom at det skal vera månadskort på Dovrebanen, slik det er på Gjøvikbanen, samt eit heilskapleg kollektivtilbod i distrikta.

Det er på tide å gjere dei kollektive alternativa lette å velje.