Av Reidar Skjelkvåle

Da den populære predikanten Åge Samuelsen reiste rundt på sine «Maran Ata»-møte, hadde han ein heiagjeng bak seg på scena som jamt og trutt stor ropte «HALLELUJA – takk JESUS» At det skulle bli hallelujastemning i samband med utfasing av G-35 frå Gudbrandsdalen, kom som ei stor overrasking. Desse jubelropa er tileigna eit «nytt konsept rundt eit grytekokt produkt» utan identitet. På den måten har Tine sikra seg problemfri avvikling i neste runde om det skulle bli aktuelt. Dette konseptet er like mystisk som det er fantastisk, så det er berre å ynskje lykke til. Styret i Tine har ikkje gått i gang med dette «omdømmeprosjektet» av eigen fri vilje. Derfor må eit kraftig lokalt engasjementet haldast ved like.

Eit anna kvalitetsprodukt som lyt nemnast her, er den tradisjonsrike osten Tine Heidal. Da Tine la ned ysteriet i Heidal, tok dei med seg resepten som så vart til Tine Heidal, Lom og Skjåk. Denne osten har fått stemoderleg behandling av Tine. Mange har denne osten som sin favoritt, men nå skal den bli historie. Det er skandale. For to år sidan sette Dagbladet eit ekspertpanel til å bedømme kvaliteten på brunostane frå Tine. Der kom Tine Heidal heilt i toppsjiktet, berre forbigått av Tine stølstype. Tine Heidal var osten med den mest komplekse smaken i testen, men kva har Tine gjort for å marknadsføre denne tradisjonsrike osten? Ingen verdens ting. Sjølv om den er produsert i Skjåk, så finst den ikkje på ein einaste butikk der.

Styreleiar i Tine, Marit Haugen, klagar over at brunostsalet går ned. Ho påstår at dei har drive aktiv marknadsføring, men det er det ingen andre som har lagt merke til. Lenge rådde Tine grunnen åleine, men rundt 1990 kom fleire aktørar på banen. Synnøve Finden har skjønt litt meir om marknadsføring enn Tine. Dette kom klart fram da eg nyleg var på nærbutikken min. Der kom ei dame med handlevogn, og oppi vogna sto ein liten pjokk som var kjapp til å plukke varer frå hyllene. Da han nærma seg ostehylla, vart han ekstra ivrig og fekta med armane. Han ropte Hi-Hi, og kasta seg over osten frå Synnøve Finden (sjå bilde).

Tine har svindyre prosjekt på gang i Irland og USA som skal gi avkastning, men det tek tid før slike mirakel skjer. For å betre økonomien, vil eg foreslå at Tine endrar strategi og legg ned Fellesmeieriet i Oslo. Det er 20 år sidan Fellesslakteriet i Oslo la ned drifta og flytta mannskapet ut på bygda. Tine klagar jo på at dei har overkapasitet på anlegg rundt omkring i landet. For nokre år sidan vart norgeshistorias største hestehandel inngått for å få lagt ned Veterinærhøgskolen i Oslo slik at den kunne flyttast til Ås. Galskapen kosta samfunnet 8,5 milliardar kroner, men staten fekk 2,7 milliardar for tomta i Oslo. Fellesmeieriet i Oslo ligg på ei attraktiv tomt på Kalbakken, og sal av tomta skulle gi bra med pengar i kassa slik at styret i Tine kan boltre seg ei stund til.

Landbrukssamvirket skal sikre marknadstilgang til best mogleg pris, men prisutviklinga til bøndene er eit sørgeleg kapittel. Det har heller ikkje vore mykje hjelp å få frå Storting og styringsverk. Jordbruk og husdyrbruk har i lengre tid lagt seg langflate for å oppfylle stadig nye krav om effektivisering, men gevinsten har andre enn bøndene tatt seg av. Da stortingsmelding nr. 15 (NOU 15-2020) kom for to år sidan, var det endeleg teikn til optimisme, og vi kunne lese overskrifter i avisene som «Det kan vere god von for Distrikts-Norge». Meldinga hadde tittelen «Det handler om Norge – Utredning om konsekvenser av demografiutfordringer i distriktene» leia av professor Victor Norman (H). Meldinga legg fram tre senario for korleis Bygde-Norge kan utvikle seg.

- «Et godt vakkert gamlehjem»

- «Velfungerende distriktsbyer med utnyttet omland»

- «Levende deler av et større norsk mangfold»

Stortingsmeldinga konkluderer med at «Norge vil ha en betydelig befolkning bosatt i distriktskommunene i overskuelig framtid. Distriktene blir ikke avfolket». Meldinga går inn for siste strekpunkt, levande bygder, men ingen ting har skjedd så langt. Det er ikkje politisk vilje til å betale det det kostar å produsere mat i heile landet og dermed oppnå ein forsvarleg grad av sjølvforsyning. For ein månad sidan kom Erna Solberg med forslag om å redusere tollsatsane på import av matvarer for å minske prisveksten. Det er ein politikk som fører oss stadig nærare Bygde-Norge som «Et godt vakkert gamlehjem».