Skjåk kommune står støtt, og er i mange samanhengar ei solid kommune. Dette mykje takka vera politiske vedtak som har stått seg over tid, dyktige tilsette, gode kraftressursar og variert næringsliv med god gründerånd. I alle tilfelle er det dei menneskeleg ressursane som er og blir vår største ressurs.

Vi har behov for at våre innbyggjarar engasjerer seg, som mange også gjer, gjennom lag og organisasjonar, anna friviljug arbeid eller i politikken. Vi skulle sjølvsagt ynskt at enda fleire engasjerer seg i politikken, der vi vil vise til eit godt samarbeidsklima både i vårt eiga parti og tverrpolitisk. Vi legg til rette for at alle skal bli høyrde og at det blir vist respekt for dei vedtak som blir gjort. Vidare vonar vi om ein redeleg og god valkamp for å styrke det politiske engasjementet ytterlegare.

Vi har tverrpolitisk vedteke ein del planar og strategiar som utgjer fundamentet for Skjåk kommune framover. Både innanfor helse, næring, omdøme, klima og miljø. Det er gjort eit solid arbeid der mange har delteke og påverka i prosessane. Prosess er det òg når eit politisk parti skal arbeide med sitt program, både i eiga lokallag, opp mot fylkeslag og sjølvsagt for heilskapen for det partiet ein høyrer til. I kjølevatnet av studiet rundt sentrumsutviklinga i Bismoen var det også eit tverrpolitisk ynskje om å sjå meir på Dønfossområdet. I eit formannskapsmøte foreslo Kristen Haugen Dagsgard (Sp) blant anna at ein må utføre eit liknande moglegheitsstudie også rundt Dønfoss. Programnemnda i Skjåk Senterparti arbeidde med sitt program sein vinter/tidleg vår med forankring på medlemsmøte fyrst i mai 2023. Utvikling av Dønfossområde vart altså tidleg innlemma i vårt program. Vi tek difor sterk avstand frå Morten Kielland (Bygdalista) som hevdar at Senterpartiet har plagiert Bygdalista.

Vi er glad for å høyre til eit parti med dyktige folk til å arbeide for oss i fylket, på Storting og i Regjering. Når det gjeld vidaregåande skule og tannhelse må vi spesielt trekke fram Aud Hove og Mari Gjestvang (Sp) som har gjort ein betydeleg innsats på fylkesnivå for utdanningstilbodet i regionen. Det er framleis spørsmål om struktur og endringar i den vidaregåande skulen, noko som i stor grad skuldast at vi får færre ungdommar og at enkelte parti målretta vil legge ned skular. Senterpartiet står støtt for å finne gode løysingar og utvikle framfor å avvikle.

Når det gjeld beredskap og ambulanse, har vi to heildøgns bemanna bilar stasjonert i Lom. Dette er godt utstyrte ambulansar og bemanning med god fagkompetanse. I kritiske situasjonar, som under uveret "Hans", får vi fort på plass ei ekstra ambulanse i stasjonert i Skjåk. Dette ser vi på som ei god ordning. I tillegg er det lokalmedisinske senteret på Otta viktig for oss alle, og med nytt hovudsjukehus må vi bidra til å realisere mottoet til Sjukehuset Innlandet; desentralisere det vi kan og sentralisere det vi må.

For politikontoret vårt i Lom og vaktdistriktet Midt-/Nord Gudbrandsdalen kan vi på ingen måte vera tilfredse med grunnbemanning og responstid. Regjeringa har auka dei økonomiske rammene utan at vi ser resultat i vårt politidistrikt. Politiet har hatt ein omfattande sentraliseringsprosess over fleire år. Dette er tungt å snu, men fleire prosessar er sett i gong, og det blir lagt ned eit betydeleg politisk arbeid for å betre situasjonen for både små og store kommunar.  Vi viser til Skjåk Sp sitt tidlegare debattinnlegg om temaet.

Samferdsel er viktig både for innbyggjarar og næringsliv. Det er lagt ned eit betydeleg arbeid for rv. 15 og planlagde gang- og sykkelvegar over fleire periodar. Strekninga Bokkeodden – Furuly har hatt mest fokus. Reguleringsarbeidet ligg klart, men dessverre har ikkje tiltaket kome inn att på prioritert liste hjå Statens Vegvesen for finansiering. Argumentet er at det bur relativt lite folk på denne strekka. Her må vi stå på vidare, og vi set pris på alle konstruktive innspel i saken. Samstundes som vi må arbeide vidare med enkelte punkt, skal vi vera glade for dei strekningsvise utbetringane som er gjort etter rv. 15. Blant anna med ljos som trafikksikringstiltak og utbetring av vegnettet. Kollektivtransporten arbeider vi med, og ser konkret på løysingar som bestillertransport. Dette er eit større arbeid å kome i mål med, samt avhengig av å få nok midlar på fylkeskommunalt nivå. Vi kan nemne her at større byar har finansieringspakkar i milliardklassen til råde for å løyse kollektivtransporten. Dette seier noko om at det er eit arbeid å gjere for å få tilsvarande satsing i distrikta.

Det er dei overordna politiske føringane for det sterke fellesskapet, heile landet i bruk og levende folkestyre som er grunnlaget for vårt politiske engasjement i Senterpartiet. Og det er dette som er grunnlaget for våre prioriteringar i valprogrammet til Skjåk Sp. Investering i barnehage, flaum- og rassikring, samt friviljugsentral framfor bru til Lundagrenda. Vi er inne i ei periode med store investeringsbehov, og det blir nødvendig med prioriteringar sjølv i eit valår.

Godt val!

Edel Kveen og Kristen Haugen Dagsgard for Skjåk Senterparti