I dagens samfunn skal alt handle om å spare pengar. Det er aldri snakk om å kanskje bruke dei kroner som det kostar, og i staden ha eit opplegg som funka og som er til det beste for dei det måtte omhandle. I samfunnet vårt har vi alle typar menneske, å kvar og ein er like mykje verd. Alle skal ha moglegheiter for gode tenester og tilgang til desse. I Vågå kommune skrik dei høgt over at Finna øydelegg for å kunne bygge det eine og det andre fordi ho ikkje er flaumsikra. Dei skrik over at det ikkje er nok tilgang på bustad som er sentralt. Men å bygge noko nytt til noko som alt er har sin plass, og som er heilt optimal bruk av plass, sted og ressursar, det er null problem. Vi kan jo spare nokre kroner å bruke det på andre ting.

For folk som ikkje passar inn i ein kvardag som er etter malen A4 så er faktisk tilrettelegging og prioritering gull verd, å der er det mykje meir verdi i kva det betyr i alt ant hel kroner. Vågå kommune skal væra stolte av å ha opplegg som i verdi blir målt i ant hel kroner. Slik er det faktisk ikkje alle steder i Norge.

Eit dagsenter skal væra eit tilbod til alle som skulle ha behov for eit sted å kunne få tilrettelegging og sosialisering på dagtid. Moglegheiter for meistring i ein kvardag som for eit heilt vanleg menneske kan væra kravande nok.

Folk med funksjonshemming er folk som er fullt oppegåande og fortenar ikkje å bli satt på gamleheimen. Det heitar i dag helseheim, men det er ikkje der dei funksjonhemmede skal ha sin plass.

Det blir argumentert med sparing i køyring, men kanskje er det akkurat den køyreturen som gjere dagen for ein med funksjonhemming.

Å stå med vedkløyvar å pakke ved som folk kan kjøpe har sin plass der det er nå å ikkje midt i eit sentrum. Ein utehage som går med eit i naturen har sin plass der den er nå å ikkje på ei liten plen mellom bygg i eit sentrum.

Kjære Vågå kommune, la innbyggaren som har dagsenteret som sin jobb få behalde arbeidsplassen sin der den er i dag.