av Svein Arne Bøje

Etter at det kom opp nye vegljos frå Ofossen til Bismo, har det kome fleire negative reaksjoner i blant anna Fjuken både gjennom reportasje og lesarinnlegg. Det blir hevda at dette er straumsløseri utan like, at det ikkje har vore alvorlege trafikkulykker på den aktuelle strekninga og at desse ljosmastene er heilt unødvendige og må fjernast.

Eg meiner at vegljos er med på å auke trafikktryggleiken. Og det er bra at det ikkje har skjedd alvorlege ulykker på den aktuelle strekninga dei seinaste åra. Men samstundes er det viktig med tiltak som gjer at ein kan heva trafikktryggleiken for alle som brukar vegen, for på den måten bidra til å hindra trafikkulykker også i tida som kjem. Det er nok også ein del hjort på den strekninga der det har kome opp vegljos. Og da bidreg vegljosa til at dei som køyrer bil ser dyra tidleg å ein kan unngå viltpåkjørslar med dei konsekvensane dette får for både folk og dyr.

Eg vil også tru at vegljos er med på å betra arbeidsforholda til ambulanse/politi/brann når dei køyrer utrykning. Eg har vore i kontakt med brannsjefen i Lom og Skjåk å han er heilt klar på at det er stor forskjell på å køyre utrykning på vegstrekningar med vegljos i forhold til der det ikkje er slike ljos.

Nå er det også ei kjent sak at det i periodar er veldig mykje hjort langs vegane våre. Det er ca 50 viltpåkjørslar i Skjåk kvart år. Så for å hindra alvorlege ulykker burde det kanskje vorte sett opp vegljos på heile strekninga frå Lom til Ofossen også? Da ville mange av desse hendingane med stor sannsynlegheit vore unngått.

Det vart og nevnt i ei reportasje kor mykje straum dei nye ljosmastene brukar og kostnaden rundt dette. Men da bør ein også sjå denne kostanden opp mot dei samfunnsøkonomiske kostanden i forhold til kva alvorlege ulykker med store materiell skader, personskader eller i ytterste konsekvens dødsulykker vil koste. Det er eit mål om nullvisjon i forhold til alvorlege ulykker på norske vegar og da meiner eg meir vegljos kan væra eit viktig bidrag for å oppnå dette målet.