av Ola Bøye, Skjåk

Diskusjonen om framtida til Gudbrandsdalsosten G35, i Gudbrandsdalen har på ny dukka opp att. Eg var aktivt med i kampen for å bevare "raudosten" og Lom og Skjåk Ysteri som leiar for den regionalt nedsette arbeidsgruppa YG07, det var for 15-års tid sidan. Situasjonen no er mykje slik den var den gong. Tine vurderer om verksemda i Lom og Skjåk skal opphøyra, og produksjonen leggast til andre ysteri (Byrkjelo, Storsteinnes). Bakgrunnen er dalande salstal for G35, og Lom og Skjåk ysteri er den minste produksjonsstaden.

Det verkar som om prosessen no skal føregå meir i det stille for å unngå ubehageleg støy. Lokale politikarar har vore frampå, iallfall i Lom. Men som førre gongen pukkar dei fantasilaust på at Gudbrandsdalsosten berre kan ystast i Gudbrandsdalen. Det verkar kunnskapslaust og slagordprega i og med at omtrent 9 av 10 Gudbrandsdalsostar som blir produsert og fortært i Noreg blir ysta andre stadar enn her, og slik har det vore i mange tiår. Men, eg rettar ein takk til Reidar Skjellkvåle som nyleg kom med ein velskriven artikkel om Gudbrandsdalsosten og situasjonen kring den no. Her var det både mykje fakta og god argumentasjon. Han spara meg for bryet med å skriva ein lang artikkel. Men nokre argument som han ikkje nemnte er så viktige at eg tykkjer det må koma fram.

Fare for at konkurrent kan etablere seg i Gudbrandsdalen

Vi som bur her tykkjer at "raudosten" frå Lom og Skjåk er best, og at dette ikkje berre er subjektivt og lokalpatriotisk viser alle dei mange gullmedaljene og andre heidersbevis osten har fått i internasjonal konkurranse. Men i marknadsføringa av eit matprodukt i våre dagar er det ikkje berre eigenskapane og kvaliteten til produktet som tel, like viktig er historia som kan knytast til produktet. Tine sit her på eit skikkeleg marknadsføringsess, når det gjeld Gudbrandsdalsosten frå Lom og Skjåk. Gudbrandsdalsosten herifrå er no den einaste som blir produsert i Gudbrandsdalen og det på den opprinnelege måten ved grytekoking, slik budeiene gjorde på setrene før i tida. Byrkjelo og Storsteinnes produserer på meir moderne "industrielt" måte ved såkalla "kontinuerlege anlegg", der mysa blir til ost medan den går i krull og krok gjennom stålrøyr.

Men det er eit stort MEN. Tine har aldri brukt denne store marknadsføringsfordelen Lom og Skjåk ysteriet har. Kvifor? Det er nok fordi at forskjellige anlegg i Tine som produserer same produktet ikkje skal drive innbyrdes konkurranse. Forståeleg, javel, men eit stort handikap for vårt ysteri at ikkje dette marknadsføringspoenget kan brukast. Ikkje ein gong på emballasjen blir det gjort noko forskjell, den er lik. Rett nok kan osten identifiserast med eit lite nummer (164), men det vil dei færraste leggje merke til, og det er vel berre vi lokale som veit kva det betyr.

Men, kva så om Tine verkeleg flaggar ut frå Gudbrandsdalen? Da kan det bli svært freistande for ein konkurrent å etablere seg her, og produsere på same måten. Dei vil nok ikkje ha skruplar med å reklamere med at dei er dei einaste som produserer Gudbrandsdalsost i Gudbrandsdalen på ekte opprinneleg vis. Ein konkurrent til Tine vil ikkje nødvendigvis etablere seg i Lom eller Skjåk, Midt-Gudbrandsdalen vil nok vera like aktuelt. Eg tenkjer særleg på Sør-Fron. Her i Gålåfjellet ligg Solbrå seter der Gudbrandsdalsosten først vart ysta. Ein ny konkurrent kan fort vera så lur at han tek i bruk Solbrånamnet på både osten og ysteriet. Tenk kva reklameeffekt følgande kunne få, "Solbrå Gudbrandsdalsost, einaste brunost ysta i Gudbrandsdalen ved tradisjonell grytekoking slik Anne Hov gjorde på Solbråsetra". I tillegg til den historiske tilknytninga er Solbrå eit namn som kling godt i øyra. Slik marknadsføring kunne ta innersvingen på Tines gjennverande produksjon av Gudbrandsdalsost. Tankespinn? Nei, vi ser at konkurrentar som Synnøve Finden og Q-meieriene, nyttar nådelaust alle høve dei har for å setje Tine til veggs. Ein må rekne med at kommunane som blir stilt til utsikt å få eit nytt ysteri gjev gratis tomt og økonomisk tilskot. Det siste kan nok og nabokommunar bli med på.

Kva med dei forskjellige småprodukta

Blir Lom og Skjåk Ysteri nedlagt, blir og mange små spesialprodukt husville, det er og grytekokte produkt. I samsvar med vårt forslag vart mange små lokale spesialitetar fløtt frå Ørsta til Lom og Skjåk ysteriet. Slik som Vossadravle, tre typar gomme, brun geitost, Innherredsost m/fl. Desse representerer ikkje korkje store volum eller store pengar. Men dei er ein viktig del av norsk mattradisjon og kultur. Kanskje er ikkje desse spesialitetane særleg økonomisk interessante for Tine? Skulle det ikkje vera ei utfordring for politikarane å få ordna ei støtteordning over eit eller anna kulturbudsjett for å oppretthalde denne produksjonen? Det må etter mitt syn vera meir fornuftig enn at konkurrentane til Tine får støtte fordi dei ikkje er konkurransedyktige. Men skal det gjerast noko må det gjerast fort. Når Høgre kjem attende til makta er det for seint.

Styrking av produksjonsgrunnlaget ved Lom og Skjåk Ysteri

Det er framleis att produkt innan brunostsegmentet som med fordel kan flyttast til Lom og Skjåk. Mest nærliggande er det å tenkje på brunostens næraste slektning; Prim. No er det berre gigantmeieriet på Hå i Rogaland som produserer Prim innan Tinekonsernet. Det er ein produksjon som eigentleg ikkje passar inn i produktkonseptet deira, og er for dei ein liten ubetydeleg produksjon og så vidt eg har høyrd av folk i Tine vil Hå-anlegget gjerne bli kvitt dette. Men, for Lom og Skjåk er det såpass volum at det vil monne. Primet held seg nok og meir populær blant dei yngste aldersgruppene enn vanlege brunostar. Det er fornuftig å leggja primproduksjonen til Lom og Skjåk. Ein annan produksjon som fullt og heilt med fordel kan leggjast til Lom og Skjåk er mager mysost. Den har lett for å setja seg fast i røyrene i kontinuerlege anlegg, og skapar tidstap og forarging med hyppige reingjeringar. Dette blir enklare med grytekoking.

Tine – tenk dykk om!

Ein kan ikkje vente at Tine vil leggje avgjerande vekt på våre kjensler her lokalt eller eit lite snes arbeidsplassar. Men eg oppfordrar Tine til å tenkje seg om, og tenkje langsiktig. Det er ofte slik at det som ser lettvintast og billigast ut her og no, ikkje står seg godt i lengda. Gje ikkje konkurrentane ei gåvepakke ved å leggja ned Lom og Skjåk anlegget. Ysteriet vårt er det siste brunostanlegget Tine bør leggje ned om dei veit sitt eige beste.