Av Lars Brustugun

Det aller meste av fastlands-Norge er fjell og skog og vatn. Tre prosent, om lag 10 millionar dekar av arealet, er dyrka mark. Av det att er ca. 30 prosent brukbart til produksjon av matkorn, den viktigaste matplanta vår. Til samanlikning er 66 prosent av Danmark dyrka.

Så lite vi har av matjord, og med ein sjølvforsyningsgrad under 40 prosent, skulle ein vente at matjorda blir teken ekstra godt vare på. Men det motsette skjer. I perioden 2005 – 2022 vart 113.000 dekar dyrka jord nedbygd her i landet. Det vere seg av vegar, bustadhus, industri og idrettsplassar. I tillegg vart 105.000 dekar dyrkbar jord omdisponert i same perioden. Kvar einaste dag desse åra har det dermed i snitt forsvunne eit areal med dyrka og dyrkbar jord tilsvarande meir enn fire fotballbaner.

Dertil kjem at stellet av matjorda heller ikkje er på topp. Tunge maskiner skader jordstruktur, kunstgjødsel armar ut jorda, og jordpakkinga, kunstgjødsla og sprøytemidla øydelegg for livsformene som gjer om daudt organisk material til mat for plantene.

Matjord er enkelt sagt jord som ligg slik til og er av slik kvalitet at den eignar seg til å dyrke matkorn, poteter og grønsaker. Det tek hundrevis og kanskje tusenvis år å danne eit godt matjordlag. Dermed er den eigentleg ein ikkje-fornybar ressurs; blir den borte, er den borte for alltid.

Det totale jordbruksarealet har auka dei siste 25 åra, men jordvidda av den beste jorda har minka. Det er fleire grunnar til dette. Ein grunn er at mykje av den beste jorda ligg i nærleiken av tettbygd strok, der det har vore eit stadig aukande press på matjordområde til utbygging. Det har vore prøvd å ta vare på matjordlaget ved å flytte det, men med heller dårleg resultat.

Vi har att 12,5 millionar dekar dyrkbart landområde. Det aller meste ligg slik til og i slike klimasoner at det berre høver til grasproduksjon. Under to prosent av dette arealet høver til dyrking av matkorn. 35 prosent er myr som det no er bra semje om å ikkje dyrke opp. Myrene er meir verdfulle slik dei ligg.

Korleis blir matjorda laga? Da må vi innom hos meitemakken, agnmakken, og sjå på kva han tek seg til med. Her i landet kjenner ein til 24 ulike arter meitemakk. Den største, som kan bli 30 cm lang, lever i moldjord. Den er likevel liten mot verdas største, den australske kjempemeitemakken som kan bli over tre m lang og tre cm tjukk. Dei vanlegaste slaga hos oss blir ein 10 – 15 cm lange. Alle gjer same jobben; dei produserer matjord og dei vender det øvste matjordlaget. Dei lagar gangar som gjennomluftar og drenerer jorda og hjelper planterøtene med å vekse. I laus jord borar meitemakken seg fram med den spisse framenden, i fastare jord et den seg fram. Jorda som har passert tarmkanalen har vorte til fin mold, og den legg makken frå seg på overflata. Meitemakken et daude plante- og dyrerestar og gjer dei om til matjord. Makkane er mange og jobbar på så lenge jorda er tien, men same kor mange dei er og kor hardt dei jobbar, tek det uendeleg med tid før arbeidet åt makkane syner seg i form av djupare matjordlag.

Enda viktigare enn agnmakken er andre organismar. Jordorganismane finst i kolossale mengder. I ei teskei matjord er det fleire mikroorganismar enn det er menneske i verda. Dei har evne til å dele opp og bryte ned organisk materiale. Solenergien som vart bunden i fotosyntesen da planta voks, vert no frigitt av jordorganismane. Restproduktet er humus. Går nedbrytinga føre seg med tilgang på luft, blir det danna mold. Mold finst på dyrka mark der det har vorte blanda inn organisk materiale, til dømes naturgjødsel eller grøngjødsel. Mold er karakteristisk med mørk farge på grunn av humus og med grynstruktur på grunn av arbeidet åt meitemakken og insektlarvar.

Slik mauren i tua i lag med alle dei andre dannar ein organisme, slik kan ein også sjå matjorda som ein organisme. Matjordlaget er den mest levande og den mest mangfaldige delen av jordkloden, eit heilt økosystem i seg sjølv. Alle i hop, frå dei som er så små at vi ikkje ser dei, som sopp og bakteriar og algar, til dei større som spretthalar og  meitemakken, er alle eit ledd i eit avansert samspel. Til saman er dei av heilt vital betyding for absolutt alle planter, og også for velværet åt dyr på jordoverflata. Og for oss.

Det har vore forska på matjord i lange tider og skrive mursteinstjukke bøker, men framleis veit ein langtfrå alt. Men det veit ein at matjord er det viktigaste og mest verdfulle vi har. Den treng vern og at vi behandlar den med ærefrykt. Det har overlag mykje å seia for matsikkerheita i landet at så lite som mogleg av matjord går ut av bruk.

Å øydeleggje matjord er å øydeleggje for våre etterkomarar. Vi har fått eit ombod for våre næraste etterkomarar, borna, dei røystelause. Vi treng eit ombod for den største gruppa av røystelause, dei ufødde.