Av setereigarar ved Nordsetrene, allmenningsstyret, Lom Bonde- og Småbrukarlag, Vårdalen beitelag, Birdlife Norge, avdeling Sel og Ottadalen og Naturvernforbundet i Ottadalen og Sel

Vi vil med dette takke dei folkevalgte i Lom, som i kommunestyremøtet 15. desember vedtok å skåne Tesse-landet for hyttefelt.

Det vart fleirtal i kommunestyret for å si nei til forslaga om hyttefelt ved Bjønnskardet og ved Nordsetrene.

Vi er mange som har venta i spenning på sluttbehandling av arealdelen i kommuneplanen i Lom. Det har vore to høyringsrunder, der både vi og andre har markert motstand mot å opne opp for hyttefelt ved Tesse med høyringsuttaler og med ei markering ved Nordsetrene i haust.

Vi tar vedtaka som eit klart signal på at fleirtalet av dei folkevalde i Lom anerkjenner dei store og umistelege verdiane ved Tesse. Det eldgamle kulturlandskapet, den aktive seterdrifta og betydninga for landbruket i Garmo, bruken og betydninga av området for det enkle friluftslivet og ikkje minst naturverdiane, som det rike fuglelivet her.

Takk til dei folkevalde i Lom som har gjort et klokt valg for framtida!