av Eldri Bjørnstad Kolden

Ifølge avisa Fjuken sin podcast, var det opp mot 1.300 personar som møtte til fakkeltoget i Lom tysdag 16. april. Min appell var som følgjer:

Eg er stolt over å sjå kor mange som mobiliserer for den vidaregåande skulen i Lom. Dette viser kor viktig skulen er for oss som individ og som samfunn.

Det har vore sagt mykje viktig og klokt her i kveld, og eg hadde tenkt eg skulle si noko om konsekvensene av nedlegging av skulen i forhold til hybelkostnader og psykisk helse. Men den som vil, kan heller lese leserinnlegget mitt frå februar på nytt.

For nå ser eg at hovedutvalget for utdanning har tatt til seg at hybellivet kostar og at det ikkje er alle som vil finne seg til rette på hybel. Siste i dag er at det blir tatt til orde for å opprette eit hybelfond på fleire millionar. Dei vil dekke større del av kostnadene for hybelbuarane som har behov for det og dei vil ha sosiale tiltak for elevane og internat med tilsynsordning

Kjære hovedutvalg for utdanning!

Dei pengene kan de spare dykk, hvis skulen i Lom blir opprettholdt, så oppnår de:

1. elevane har eit bosted,

2. det er ikkje nødvendig å dekke ekstra kostnader til strøm og transport,

3. elevane har tilsyn (av familien).

Når de da også kan behalde det vi nå har fått høre er Innlandets beste skule i fullføringsgrad, karakterar og trivsel, som i tillegg gir ungdommen utdanningar som er etterspurt så har de ikkje 3 bra ting i eitt, de har 4, eller kanskje både 5, 6 og 7! Vi prater snart om ein 3-pakk med Kinderegg!

Kjære hovedutvalg for utdanning!

I Lom er vi godt kjent med at fjellet kan være omskiftelig. Fjellvettreglene får vi tidleg inn. Eg vil oppfordre dykk innstendig om å følge Fjellvettregel nr. 8.

Vend i tide, det er ingen skam å snu!