Gjennom meir enn hundreogfemti år har menneske brukt dei fossile energireservane frå jordas fortid til å byggje opp det moderne industrivekstsamfunnet. Overgangen frå eit ressursfattig sjølvforsynings-samfunn til eit globalt nettverk av forbrukarsamfunn hadde knapt vore mugleg utan bruken av kol, olje og gass. Denne fossile karbonreserven er langt ifrå brukt opp, men konsekvensane for jordas varmeballanse og klima har etter kvart vorte så skræmande tydelege at menneske blir tvinga til å ta i bruk andre og utsleppsfrie energikjelder.

Endring vi må gjennom har fått namnet "Det grøne skiftet," og det ser ut til å vera bortimot internasjonal semje om at bruken av fossile energikjelder i løpet av få år må erstattast av nye former. Dette vil, uansett løysingar, koste enorme summar, og her er det slutt på semja, både nasjonalt og internasjonalt!

I landet vårt er dei fleste elver for lengst bygde ut. Solpanel har ei svært avgrensa brukstid i vinterlandet, og vindmøller på land vil krevja enorme areal. Til havs ser vindmøller ut til å bli så dyre at berre regjeringa vår er viljug til å betale prisen. Vengene til dei nyaste vindmøllene kan bli opp i mot 200m, varar kanskje 40 år, og kan ikkje resirkulerast!

Jordvarme blir enda lite nytta. I løpet av sommaren blir dei øvste 10 - 20m av bakken varma opp av sola, og denne varmen kan tappast ut og transformerast opp med med enkle røyrsystem og varmepumper. I jordskorpa under stig temperaturen vanlegvis med 3 grader pr. 100m, dette er noko forenkla sagt restvarmen frå da jorda vart til og aukar til djupare vi kan borra i skorpa. Geotermisk energi er teken i bruk til oppvarming i fleire nyare bygg t.d. i Oslo.

Havvatnet blir nå berre brukt som oppvarming nokre få stadar i landet. Eg ville tru at med stigande havtemperaturar og betre varmepumper vil dette kunne bli ei god varmekjelde langs heile kysten vår.

Dette er ei stutt oppsummering av nokre av dei muglegheiter som ligg rett framfor oss og som det ofte er forska altfor lite på fordi den økonomiske avkastninga er ikkje er høg nok! Og, det enklaste og truleg viktigaste av alt er å gå kritisk gjennom korleis vi i dag brukar energien, og kor mykje vi kan tene inn ved effektivisering og andre forbruksmønster!

Sist veke var eg i Oslo og såg Oliver Stones mektige film "Nuclear now," eit sterkt innlegg for å "løyse" energikrisa ved å byggje nye atomkraftverk. Initiativet til å vise filmen og fagfolka i ordskiftet etterpå kom frå Norsk Kjernekraft A/S som arbeider for å koma igang med konstruksjonen av mindre reaktorar i landet vårt så fort som råd.

Nuclear now syner atomkraftas snart 70-årige historie på jorda utan å leggje skjul på problem og katastrofer undervegs frå Three Miles Island over Tsjernobyl til Fukushima. Både film-skaparen og Norsk Kjernekraft A/S vil bruke uran som kjernebrensel og kan tenkje seg både større kraftverk slik som det som nyleg er opna i Finland, men helst små modulære reaktorar (SMR) med kapasitet opp til 300MW. Filmen er ærleg utan å gå djupare inn i problematikken, og må oppfattast som eit sterkt partsinnlegg.

Personleg har eg gått frå å vera motstandar til å meine at kjernekraft nå er kanskje den einaste reelle muglegheita til å berge kloden vår frå ei raskt aksellererande klimakrise.

Slik eg oppfattar det er likevel Det grøne skiftet berre ein del av ein større samanheng som også har minst to andre, like viktige sider som energibruken: Forbruket av klodens natur og ressursar må ned, og den gallopperande veksten i talet på menneske på jorda må stoppast.

Desse tre problema kan ikkje løysast kvar for seg, men må gå inn i grunnlaget for ei berekraftig framtid for menneske etter oss.